Historisk arkiv

Fredsprisvinnar Denis Mukwege

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Adresse: Inkognitogata 18

Stad: Statsministerbustaden

Statsminister Erna Solberg møter fredsprisvinnar Denis Mukwege i statsministerbustaden i Inkognitogata 18.

Ein fotopool kan arbeide ved starten av møtet. Norske deltakarar i poolen er NTB scanpix, NRK TV og TV2. Oppmøte ved inngangen i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 08.00.

Om lag kl. 09.10: Felles pressekonferanse med statsminister Solberg og Mukwege i Riddervoldsgate 2. Oppmøte for pressefolk seinast kl. 08.45.

Presse som ønskjer å vere til stades på pressekonferansen må melde seg på til smkinfo@smk.dep.no innan fredag 8. desember kl. 12.00. Alle må ha med gyldig pressekort og ID.

Pressekontaktar er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987, e-post: tab@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eil@smk.dep.no.