Nordland og Troms
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Kalenderhending | Erna Solberg
Stad:
Statsminister Erna Solberg besøkjer Nordland og Troms.
Fredag 24. august
Kl. 10.30: Statsministeren står for den offisielle opninga av Mørkvedlia studentpark i Bodø. Adresse: Mørkvedveien 20-24.
Kl. 13.15: Statsministeren besøkjer bedrifta Insula AS på Leknes. Statsministeren møter dei tilsette og får ei orientering om utbyggingsplanane. Adresse: Havet 45, Leknes.
Statsministeren får deretter skyss med redningsskøyta «Sundt Flyer» til Svolvær, der ho får ei oppdatering om sommarsesongen for redningsskøytene i Nordland.
Kl. 15.45: Statsministeren besøkjer dei snart innflyttingsklare lokala til det nye senteret for oljevern og marint miljø i Svolvær. Senteret vil vere sentralt i arbeidet med å samle og formidle kunnskap om oljevern og marin forsøpling. Adresse: Fiskergata 22, Svolvær.
Kl. 16.40: Statsministeren besøkjer NESOs Lærlingeskole, på byggeplassen til Sjøsiden Boligpark på Purkholmen i Svolvær. Statsministeren vil blant anna møta lærlingar og vil få ei orientering om utfordringar i bygg- og anleggsbransjen i nord og om prosessen med å bli friskole.
Kl. 17.45: Statsministeren kjem til Skrova, der ho besøkjer kulturfestivalen Skrova24.
Laurdag 25. august
Statsministeren deltek på Husøydagan 2018 på Husøy på Senja, der ho blant anna deltek i debatt om framtidig verdiskaping i fiskeindustrien. Statsministeren skal også markera opninga av det nye senteret for hav og Arktis. Senteret skal styrkje kunnskapen om den blå økonomien i nordområda og bidra aktivt til å oppfylle FNs berekraftsmål om bevaring og berekraftig bruk av havet.
Statsministeren blir på Husøy til søndag.
Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post arvid.samland@smk.dep.no.