Regjeringa møtast til budsjettkonferanse
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Kalenderhending | Erna Solberg, Torbjørn Røe Isaksen, Jan Tore Sanner, Ine Eriksen Søreide, Siv Jensen, Nikolai Astrup, Dag-Inge Ulstein, Frank Bakke-Jensen, Trine Skei Grande, Aksel Jakobsen, Olaug Vervik Bollestad, Harald T. Nesvik, Jon Georg Dale, Monica Mæland, Kjell Ingolf Ropstad, Anniken Hauglie, Åse Michaelsen, Kjell-Børge Freiberg, Ingvil Smines Tybring‐Gjedde, Iselin Nybø, Ola Elvestuen, Bent Høie
Stad: Hurdalssjøen
Regjeringa startar budsjettarbeidet for 2020 med budsjettkonferanse på Hurdalsjøen hotell tysdag 19. mars til og med torsdag 21. mars. I samband med oppstarten av konferansen vil det bli ei kort presseorientering og fellesfoto av regjeringa.
Fotografar og journalistar som ønskjer å delta må akkreditere seg til smkinfo@smk.dep.no innan mandag 18. mars kl. 10.00. Bilnummer på køyretøy må meldast inn samtidig. Pressefolk som kjem til Hurdalsjøen hotell må ta med pressekort og godkjent id.
Foreløpig program 19. mars:
Statsrådane møter opp frå kl. 09.00.
Ca. kl. 09.20: Pressemøte med statsminister Erna Solberg, finansminister Siv Jensen, kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande og landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad.
Ca. kl. 09.40: Fellesfoto av regjeringa.
Deretter blir det høve til å fotografere ved oppstarten av budsjettkonferansen (bare for fotografar). Fotografane blir følgde ut etter at statsministeren har helsa velkommen.
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post tm@smk.dep.no.