Historisk arkiv

Statsministeren besøkjer Asker

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Stad: Asker

Statsminister Erna Solberg besøkjer Asker for å få ei orientering om arbeidet med nye Asker kommune.

I samband med samanslåinga av Hurum, Røyken og Asker, jobbar nye Asker kommune med ein heilt ny kommuneplan der berekraftmåla er rammeverk.

Statsministeren møter barn og unge i kommunestyresalen, og spelarar frå fotballag som skal vere berekraftambassadørar for nye Asker kommune på Norway Cup.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987, e-post tab@smk.dep.no.