Historisk arkiv

Statsministeren besøkjer Sogn og Fjordane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Stad: Sogn og Fjordane

Statsminister Erna Solberg besøkjer Sogn og Fjordane.

Kl. 10.20: Statsminister Erna Solberg og eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen besøkjer Gloppen omsorgssenter, der dei får ei orientering om korleis kommunen har jobba med mat og måltid i eldreomsorga. Tema for besøket er kvalitetsreforma Leve hele livet. Adresse: Gotevegen 68, Sandane.

Kl. 12.30: Statsministeren kjem til Loen Skylift på Hoven, der ho skal delta på delar av generalforsamlinga til Sogn og Fjordane Næringsråd. Statsministeren får først ei omvising og orientering om anlegget, før generalforsamlinga startar kl. 13. Statsministeren taler om lag kl. 13.45.

Kl. 14.40: Statsministeren besøkjer den nye Moods-butikken i Stryn, der ho møter representantar for varehandelen og får ei orientering om Stryn Næringshage. Adresse: Tinggata 17, Stryn.

Kl. 16.00: Statsministeren besøkjer Operahuset Nordfjord. 25. april er det 10 år sidan Operahuset vart opna, og statsministeren får med seg litt av generalprøven til bursdagskonserten som skal vere same kveld. Adresse: Sophus Lie-vegen 3,  Nordfjordeid.

Kl. 16.15: Statsministeren besøkjer bedrifta West Mekan i Nordfjordeid, der ho får ei orientering om drifta. Bedrifta produserer blant anna propellar og stolsete til båtar. Adresse: Malakoff 3, Nordfjordeid.

Det er mogleg for presse å delta på heile programmet. Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post asa@smk.dep.no.