Historisk arkiv

Statsministeren deltek på fotballkamp mellom gatelagfotballen og regjeringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Stad: Ullevaal Stadion

Statsminister Erna Solberg deltek på fotballkamp mellom gatelagfotballen og regjeringa.

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie utfordra i juni gatelagfotballen til kamp. Utfordringa ble teke imot med opne armar. Fotballstiftelsen, som organiserer gatelaga, svarte med å invitere regjeringa til kamp mot gatelaget til Fredrikstad FK på Ullevaal Stadion.

Gatelaga er eit lågterskeltilbod for og med rusmiddelavhengige med mål om eit betre liv med mindre rus. Dei tilbyr eit fullverdig fotballtilbod 2-3 gonger i veka, med måltid og arbeidsretta oppfølging.

Påmelding til smkinfo@smk.dep.no innan tysdag 6. august kl. 12.00.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eil@smk.dep.no.