Historisk arkiv

Statsministeren deltek ved markeringa av frigjeringsdagen og nasjonal veterandag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Adresse: Oslo

Stad: Akershus slott og Akershus festning

Statsminister Erna Solberg deltek ved markeringa av frigjeringsdagen og nasjonal veterandag på Akershus slott og Akershus festning. På føremiddagen er statsministeren vert for ein lunsj på Akershus slott for dei som har fått dekorasjonar.

H.M. Kongen legg ned krans, og statsministeren taler, i ein medaljeseremoni ved Nasjonalmonumentet på Akershus festning frå kl. 15.30. Stortingspresidenten, forsvarsministeren og forsvarssjefen er også til stades. Sjå fleire detaljar på nettsidene til Forsvarsdepartementet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948, e-post ano@smk.dep.no.