Historisk arkiv

Statsministeren inviterer til toppmøte om forsking og høgare utdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Adresse: Parkveien 45, Oslo

Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg

Statsminister Erna Solberg inviterer til toppmøte om forsking og høgare utdanning. Statsministeren ønskjer innspel til korleis universiteta, høgskolane og næringslivet kan samarbeide betre.

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø og næringsminister Torbjørn Røe Isaksen er også til stades på toppmøtet, som går føre seg i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45 i Oslo.

Pressa blir invitert til å vere til stades under opninga og høyre innlegga frå kl. 13.00. Oppmøte for pressefolk i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 12.30. Ta med pressekort og gyldig ID.

Statsministeren og andre deltakarar vil vere tilgjengelege for presse etter møtet, om lag kl. 15.00. Oppmøte for pressefolk i Riddervoldsgate 2 seinast kl.14.30. Ta med pressekort og gyldig ID.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgiver Marita I. Wangberg, e-post miw@smk.dep.no, telefon 905 12 319.