Statsministeren leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval med partane i arbeidslivet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Kalenderhending | Erna Solberg, Siv Jensen, Anniken Hauglie, Tor Mikkel Wara, Kjell Ingolf Ropstad, Olaug Vervik Bollestad, Harald T. Nesvik
Stad: Statsministerens kontor
Møtet går føre seg på Statsministerens kontor. Regjeringa sin reviderte strategi mot arbeidslivskriminalitet, dei økonomiske utsiktene og inntektsoppgjeret vil vere sentrale tema for møtet.
Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 08.30. Adresse: Glacisgata 1.
Møtedeltakarane vil vere tilgjengelege for presse etter møtet, om lag kl. 11.30. Oppmøte for pressefolk seinast kl. 11.00. Ta med gyldig pressekort og id.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.