Regjeringa møtest til budsjettkonferanse
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Kalenderhending | Erna Solberg, Henrik Asheim, Knut Arild Hareide, Torbjørn Røe Isaksen, Olaug Vervik Bollestad, Bent Høie, Kjell Ingolf Ropstad, Frank Bakke-Jensen, Iselin Nybø, Jan Tore Sanner, Monica Mæland, Nikolai Astrup, Ine Eriksen Søreide, Tina Bru, Abid Raja, Sveinung Rotevatn, Linda Hofstad Helleland, Dag-Inge Ulstein, Trine Skei Grande
Stad: Hurdalssjøen
Regjeringa startar budsjettarbeidet for 2021 med budsjettkonferanse på Hurdalsjøen hotell.
Regjeringa samlast til budsjettkonferanse på Hurdalsjøen hotell måndag 16. og tysdag 17. mars. Konferansen blir dermed ein dag kortare enn opprinneleg planlagt.
Konferansen startar måndag kl. 14.00.
På grunn av dei nye retningslinjene frå helsestyresmaktene er det innført særskilte smitteverntiltak på budsjettkonferansen. Det betyr mellom anna at konferansehotellet vil vere stengt for presse.
Første møte med pressa blir utanfor hotellet måndag ettermiddag kl. 17.45. Pressa vil bli sleppt inn på området frå kl. 17.00.
Det blir korte kommentarar frå statsminister Erna Solberg, finansminister Jan Tore Sanner, næringsminister Iselin Nybø og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad. Det blir ikkje fellesfotografering av regjeringa.
Pressekontaktar for statsministeren er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
Fotografar og journalistar som ønskjer å delta må akkreditere seg til smkinfo@smk.dep.no innan måndag kl. 12.00. Bilnummer på køyretøy må meldast inn samtidig. Pressefolk som kjem til Hurdalsjøen hotell må ta med pressekort og gyldig id.
Me ber redaksjonane avgrense oppmøte av journalistar og fotografar frå kvart mediehus til eit minimum. Me legg til grunn at dei frammøtte følgjer helsestyresmaktene sine tilrådingar for smittevern. Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon.