Statsministeren til Kongsberg, Ringerike og Gran
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Kalenderhending | Erna Solberg
Stad: Kongsberg, Ringerike og Gran
Statsminister Erna Solberg besøkjer Kongsberg, Ringerike og Gran.
Kl. 10.00: Statsministeren besøkjer Kongsberg interkommunale legevakt, der ho får ei orientering om korleis legevakta har handtert koronakrisa. Det er mogleg for presse å delta på besøket. Oppmøte for pressefolk kl. 09.45. Adresse: Wergelands vei 3, Kongsberg.
Kl. 11.00: Statsministeren besøkjer Kongsberg Teknologipark. Ho får først ei omvising i produksjonslokala til Kongsberg Defence & Aerospace (KDA). Pressa får ikkje delta på omvisinga, men det er mogleg å fotografere utanfor når statsministeren kjem til KDA.
Kl. 11.45: Statsministeren har lunsjmøte med fleire av dei leiande bedriftene i teknologiparken. Ho møter Kongsberg Gruppen, TechnipFMC, GKN Aerospace og Kongsberg Teknologipark for blant anna å diskutere korleis koronakrisa har påvirka bedriftene. Pressa kan delta på møtet.
For praktisk informasjon om besøket kan kommunikasjonsdirektør Ronny Lie i Kongsberg Gruppen kontaktast. Telefon 91 61 07 98.
Kl. 15.00: Statsministeren besøkjer Eggemoen Aviation & Technology Park, der ho møter fleire av bedriftene som held til i teknologiparken. Ho får blant anna sjå produksjonen av desinfiseringsmaskiner som har blitt mykje brukt i koronakrisa.
Besøket går føre seg hjå Tronrud Engineering i bygg 22 på Eggemoen.
Kl. 16.30: Statsministeren besøkjer tomta der bedrifta Trox Auranor byggjer ny fabrikk, på Jaren i Gran kommune. Bedrifta leverer system for klimaanlegg og ventilasjon og dei nye produksjonslokala skal vera klare til innflytting i starten av 2021.
Presse som ønskjer å delta på besøket kan møte opp på industriområdet Mohagen sør, rett ved Rv. 4.
Pressekontaktar for besøket er politisk rådgivar Hannah Sumeja Atic, telefon 93 26 13 98, e-post hsat@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.