Statsministeren besøkjer Longyearbyen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Kalenderhending | Erna Solberg
Stad: Svalbard
Statsminister Erna Solberg besøkjer Longyearbyen 25. og 26. februar.
Frøkvelvet på Svalbard er verdas største lager for trygg og sikker langtidslagring av frø. Lageret skal sikre matforsyninga for framtidige generasjonar, og 25. februar skjer den største deponeringa av frø sidan opninga av lageret i 2008.
Statsministeren deltek saman med representantar frå FNs pådrivargruppe for berekraftmåla. Statsministeren leier denne gruppa saman med presidenten i Ghana.
26. februar skal statsministeren delta på ein båttur som kjem til å handle om klimaendringane.
Presse som ønskjer å vere med til Svalbard, må akkreditere seg her.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.