Statsministeren deltek på Paris Peace Forum
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Kalenderhending | Erna Solberg
Stad: Statsministerens kontor
Statsminister Erna Solberg deltek digitalt på Paris Peace Forum, der ho mellom anna skal delta i ein panelsamtale om korleis låg- og mellominntektsland kan få tilgang til koronatestar, -medisinar og -vaksiner.
I samtalen deltek også Frankrikes president Emmanuel Macron, generaldirektør Tedros Adhanom Ghebreyesus i Verdas helseorganisasjon, president i Europakommisjonen Ursula von der Leyen og Melinda Gates frå Bill & Melinda Gates Foundation.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.