Statsministeren deltek på lanseringa av Rederiforbundets klimastrategi
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Kalenderhending | Erna Solberg
Stad: Clarion Hotel Bjørvika/Oslo Streamingsenter
Statsminister Erna Solberg deltek på lanseringa av Rederiforbundets klimastrategi fram mot 2050, der ho blant anna skal delta i ein samtale om strategien og kva rolle Noreg kan spele for grøn skipsfart, teknologiutvikling og internasjonalt arbeid på området.
Lanseringa går føre seg på Clarion Hotel Bjørvika/Oslo Streamingsenter i Dronning Eufemias gate 15 og blir streama/sendt direkte på nettsidene til Rederiforbundet. Om lag kl. 12.45 er statsministeren tilgjengeleg for presse, på Clarion Hotel Bjørvika. Presse som ønskjer å vere til stades må melde seg på til Christine Korme i Rederiforbundet, e-post ck@rederi.no, telefon 91 82 55 19.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.