Statsministeren, finansministeren og barne- og familieministeren presenterer regjeringas tiltak for å motverke dei økonomiske utfordringane som korona-pandemien skapar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Kalenderhending | Erna Solberg, Torbjørn Røe Isaksen, Kjell Ingolf Ropstad, Jan Tore Sanner
Stad: Statsministerens kontor
Statsminister Erna Solberg, finansminister Jan Tore Sanner og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad presenterer regjeringas tiltak for å motverke dei økonomiske utfordringane som korona-pandemien skapar. Også arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen vil vere til stades.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, epost idn@smk.dep.no.
Fleire omfattande tiltak er innført for å hindre spreiing av korona-viruset i befolkninga. Departementa og SMK har innført avgrensingar for nærvær i sine lokale for å hindre spreiing av viruset blant besøkjande og tilsette. Me ber derfor redaksjonane avgrense oppmøte av journalistar og fotografar frå kvart mediehus til eit minimum. Me legg til grunn at frammøtte følgjer helsestyresmaktene sine tilrådingar for smittevern. Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon.
Pressekonferansen vert filma av Departementas sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringen.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. Kontaktperson for dette er Lars-Svanberg.Jakobsen@dss.dep.no. Bilete frå pressekonferansen vert delt av Statsministerens kontor på Flickr.