Statsministeren, næringsministeren og klima- og miljøministeren leier eit videomøte om grønne initiativ og klima
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Kalenderhending | Erna Solberg, Iselin Nybø, Sveinung Rotevatn
Stad:
Statsminister Erna Solberg, næringsminister Iselin Nybø og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn leier eit videomøte om grønne initiativ og klima.
Møtet er del av ein serie innspelsmøte der regjeringa inviterer ulike sektorar og næringar til å kome med innspel til korleis Noreg best mogleg skal kome seg ut av koronakrisa.
Desse deltek i møtet: dagleg leiar Helene Falch Fladmark i Eyde-klynga, adm. dir. Knut Johansen i eSmart Systems, adm. dir. Bjørn Haugland i Skift – Næringslivets klimaledere, adm. dir. Harald Solberg i Norges Rederiforbund, dagleg leiar Marius Holm i Zero, leiar Silje Ask Lundberg i Naturvernforbundet, dagleg leiar Frederic Hauge i Bellona, adm. dir. Ingvild Sæther i Altera Infrastructure, adm. dir. Hege Økland i Maritime Cleantech og konsernsjef Remi Eriksen i DNV GL.
Etter møtet, kl. 13.30, blir det pressetreff på video med statsministeren, næringsministeren og klima- og miljøministeren. Me ber presse som ønskjer å delta i videomøtet om å melde seg på til smkinfo@smk.dep.no innan onsdag 29. april kl. 11.30. Påmeldte journalistar vil få tilsendt lenkje til videomøtet. Pressetreffet varer i ca. 20 minuttar. Me legg opp til å svare på så mange spørsmål som mogleg på den tida.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.
Pressekontakt for næringsministeren er kommunikasjonsrådgivar Hanne Steensnæs, telefon 90 92 27 78, e-post hanne.steensnas@nfd.dep.no.
Pressekontakt for klima- og miljøministeren er kommunikasjonsrådgivar Martin Lerberg Fossum, telefon 468 19 812, epost martin-lerberg.fossum@kld.dep.no.