Statsministeren og næringsministeren leier eit videomøte med gründerar og investorar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Kalenderhending | Erna Solberg
Stad: Statsministerens kontor (video)
Statsminister Erna Solberg og næringsminister Iselin Nybø leier eit videomøte med gründerar og investorar. Møtet er del av ein serie innspelsmøte der regjeringa inviterer ulike sektorar og næringar til å kome med innspel til korleis Noreg best mogleg skal kome seg ut av koronakrisa.
Desse deltek i møtet: Assistert Selvhjelp, Brim Explorer, CoWorx, Imatis, Noen, No Isolation, N-Link/Rocketfarm, Norsk Venturekapitalforening, Oslotech, Playpulse og TRK Group.
Etter møtet, kl. 15.30, blir det pressetreff på video med statsministeren, næringsministeren og dei andre som har vore med i møtet. Me ber presse som ønskjer å delta i videomøtet om å melde seg på til smkinfo@smk.dep.no innan fredag 24. april kl. 13.30. Påmeldte journalistar vil få tilsendt lenkje til videomøtet. Pressetreffet varer i ca. 20 minuttar. Me legg opp til å svare på så mange spørsmål som mogleg på den tida.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.