Historisk arkiv

Leiar av ekspertgruppa for psykisk helse og rusbruk leverer rapport

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Stad:

Leiar av ekspertgruppa for psykisk helse og rusbruk, Peder Kjøs, overleverer rapporten frå ekspertgruppa til statsminister Erna Solberg og helse- og omsorgsminister Bent Høie. Overleveringa skjer på ein pressekonferanse på Statsministerens kontor.

Presse som ønskjer å vere til stades kan melde seg på til mo@smk.dep.no innan fredag 30. april kl. 09.00.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no. Pressekontakt for helse- og omsorgsministeren er Alexandra Reksten Tufteland, telefon: 98 63 51 15, e-post atu@hod.dep.no.

Me har avgrensa tal på plassar og ber kvar redaksjon halde talet på deltakarar på eit minimum. Me kan ikkje garantere at alle får plass, og føreset at dei frammøtte følgjer helsestyresmaktene sine råd for smittevern. Ved stor pågang kan det bli aktuelt å be presse om å følgje pressekonferansen digitalt.

Presse som ikkje har høve til å møte eller som ikkje ønskjer å kome på grunn av smittefare, kan sende inn spørsmåla sine til smkinfo@smk.dep.no med teksten PK3004 i emnefeltet. Innsendingsfrist fredag klokka 12.00. Avsendar-adressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilans-oppdrag. Vi kan ikkje garantere at alle spørsmåla blir stilt i pressekonferansen.

Oppmøte for akkreditert presse seinast kl. 12.00. Ta med gyldig pressekort og ID. Munnbind er obligatorisk i Glacisgata. For å unngå kø i resepsjonen, må presse vente utanfor bygningen til det er ledig kapasitet for å registrere seg hjå vaktene i resepsjonen. Berekn ekstra tid for sikkerheitskontroll av kamera og utstyr. Akkreditert presse vil bli vist til plassar/kameraposisjonar, og må halde seg på den posisjonen, med mindre anna blir avtalt.

Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon om smittevern.

Statsministerens kontor legg til rette for deling av foto og video. Foto til fri bruk blir publisert på Flickr. Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende pressebriefen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgjande embed-kode: <div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/k7fvkgpt/wowza.js' type='text/javascript'></script>