Pressekonferanse om koronasituasjonen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Statsministerens kontor
Kalenderhendelse | Erna Solberg
Sted: Marmorhallen
Torsdag 2. september kl. 12.00 inviterer statsminister Erna Solberg til pressekonferanse om koronasituasjonen. Pressekonferansen vil handle om gjenopninga av Noreg og barn og unge.
Helsedirektør Bjørn Guldvog og FHI-direktør Camilla Stoltenberg vil òg vere til stades.
Stad: Marmorhallen i Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20.
Tid: Torsdag 2. september kl. 12.00.
Påmelding til rvi@smk.dep.no innan torsdag 2. september kl. 10.00.
Me har avgrensa tal på plassar og ber kva redaksjon halde talet på deltakarar på eit minimum. Me kan ikkje garantere at alle får plass, og føreset at dei frammøtte følgjer helsestyresmaktene sine råd for smittevern. Ved stor pågang kan det bli aktuelt å be presse om å følgje pressekonferansen digitalt.
Presse som ikkje har høve til å møte eller som ikkje ynskjer å kome på grunn av smittefare, kan sende inn spørsmåla sine til smkinfo@smk.dep.no med teksten PK0109 i emnefeltet. Innsendingsfrist torsdag klokka 11.30. Avsendar-adressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilans-oppdrag. Vi kan ikkje garantere at alle spørsmåla blir stilt i pressekonferansen.
Oppmøte for akkreditert presse seinast kl. 11.45. Ta med gyldig pressekort og ID. For å unngå kø i resepsjonen, må presse vente utanfor bygningen til det er ledig kapasitet for å registrere seg hos vaktene i resepsjonen. Berekn ekstra tid for sikkerheitskontroll av kamera og utstyr. Akkreditert presse vil bli vist til plassar/kameraposisjonar, og må halde seg på den posisjonen, med mindre anna blir avtalt.
Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon om smittevern.
Statsministerens kontor legg til rette for deling av foto og video. Foto til fri bruk blir publisert på Flickr. Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende pressebriefen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgjande embed-kode: <div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/k7fvkgpt/wowza.js' type='text/javascript'></script>
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.