Historisk arkiv

Statsministeren leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval med partane i arbeidslivet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Stad: Statsministerens kontor

Statsministeren leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval med partane i arbeidslivet. Regjeringa sin reviderte strategi mot arbeidslivskriminalitet, dei økonomiske utsiktene og inntektsoppgjeret vil vere sentrale tema for møtet.

Møtet går føre seg på Statsministerens kontor, i Glacisgata 1. Det vil vere mogleg for ein liten pool av fotografar å arbeide ved starten av møtet. Deltakarar i poolen er NTB Scanpix og NRK/TV2. Oppmøte for fotografar seinast kl. 13.45.

Etter møtet, om lag kl. 16.00, vil møtedeltakarane vere tilgjengeleg for presse. Me ber om påmelding til smkinfo@smk.dep.no innan måndag 8. februar kl. 12. Me kan ikkje garantere at alle får plass. Me føreset at dei frammøtte følgjer helsestyresmaktene sine råd for smittevern. Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon.

For akkreditert presse er oppmøte seinast kl. 15.45. Ta med gyldig pressekort og ID.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Hannah Sumeja Atic, telefon 93 26 13 98, e-post hsat@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.