Historisk arkiv

Statsministeren og kultur- og likestillingsministeren har møte med idrettspresidenten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Stad: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg og kultur- og likestillingsminister Abid Raja har møte med idrettspresident Berit Kjøll om situasjonen for norsk idrett i lys av koronapandemien.

Møtet går føre seg på Statsministerens kontor, i Glacisgata 1. Etter møtet, om lag kl. 14.30, vil møtedeltakarane vere tilgjengeleg for presse. Me ber om påmelding til mo@smk.dep.no innan 3. mars kl. 12. Me kan ikkje garantere at alle får plass, og føreset at dei frammøtte følgjer helsestyresmaktene sine råd for smittevern. Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon.

For akkreditert presse er oppmøte seinast kl. 14.15. Ta med gyldig pressekort og ID.

Pressekontaktar er statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.