Historisk arkiv

Statsministeren reiser digitalt til Tromsø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Stad: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg reiser digitalt til Tromsø.

Kl. 09.30 Statsministeren inviterer folk i Tromsø til ein digital kaffikopp. Har du noko du ønskjer å snakke med statsministeren om? Meld deg på her: https://regjeringen.no/kaffemederna.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no

Kl.10.40: Statsministeren er på digitalt besøk til KSAT i Tromsø, der ho får ei orientering om KSAT og ei ny teneste som gjer høgoppløyselege bilde av tropisk regnskog gratis tilgjengeleg. Tenesta, som er finansiert av Noreg, legg grunnlaget for betre forvaltning av tropisk skog.

Pressekontakt er fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.

Kl.11.30: Statsministeren har digitalt møte om kampanjen #noknu, utbreiinga av samehets og korleis dette kan nedkjempast.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.

Kl.12.30: Statsministeren inviterer til digitalt innspelsmøte med næringsliv i Tromsø og Senja, der ho møter fleire bedrifter som driv aktivitet knytt til berekraft og grøn omstilling. Bedriftene som deltek i møtet er Calanus, Drytech, Dualog, Finnfjord og Tromspotet. Møtet blir vist direkte på regjeringa.no.  

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ella Bye, telefon 93 26 83 50, e-post eeb@smk.dep.no.