T-1/13 Tilskotsordningar for 2014
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Ordningane omfattar områda naturforvaltning, friluftsliv, kulturminnevern og forureining
Rundskriv | Dato: 05.12.2013
Nr: T-1/13
Status: Ugyldig/oppheva - erstatta av Tilskotsordningar for 2015
Miljøstyresmaktene set årleg i verk ei rad tiltak for å betre miljøtilstanden i Noreg. Det er oppnådd mykje i det nasjonale miljøvernarbeidet, men ein står framleis overfor betydelege utfordringar. For å lykkast i arbeidet må styresmaktene samarbeide med andre aktørar. Medverknad frå stat og kommune, private verksemder, organisasjonar og einskildpersonar må til om ein skal løyse morgondagens miljøutfordringar. For å stimulere til ein slik brei medverknad gir Klima- og miljødepartementet ymse former for stønad og tilskot til tiltak som blir sette i verk av kommunar, organisasjonar, private verksemder og privatpersonar. Rundskrivet gir orientering om Klima- og miljødepartementet sine tilskotsordningar som er opne for søknad frå kommunar og interkommunale organ, lokale, regionale og lokale organisasjonar og lag, einskildpersonar og private verksemder.
Rundskrivet omtalar kva for retningsliner, søknadsfristar, kriterium o.a. som gjeld for den einskilde tilskotsordninga. Nærare råd og rettleiing kan ein også få ved å kontakte fylkesmannen, fylkeskommunen eller Riksantikvaren.
Departementet gjer merksam på at tilskot til byutvikling og lokalt miljøvern som Miljøverndepartementet hadde ansvar for i 2013 og som da var omtalt i rundskriv T-1/12, frå 2014 no er flytt over til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Føremål, målgrupper og storleik (3 mill. kr.) er fortsatt dei same. Sjå Kommunal- og moderniseringsdepartementet sine heimesider for tilskot.
Vi tek atterhald om at Stortinget vedtek alle ordningane.
Oslo, desember 2013
Med helsing
Klima- og miljøministeren
Innhald
- Tilskot til naturforvaltningstiltak
- Tilskot til friluftsliv
- Tilskot til kulturminnetiltak
- Tilskotsordningar på forureiningsområde
- Andre tilskotsordningar
- Adresseliste
Tilskot til naturforvaltningstiltak
Alle søknader skal fremjast gjennom det nettbaserte søknadssenter til Miljødirektoratet.
Tilskot til vassmiljøtiltak (Kap. 1420 post 70) med følgjande underpostar:
Tilskot til kalking (Kap. 1420 post 70, underpost 1)
Mål for ordninga og målgruppe
Målet med tilskotsordninga er å redusere negative effektar på naturmangfaldet i vassdrag som følgje av sur nedbør. Målgruppe for ordninga er lokale organisasjonar som til dømes jeger- og fiskarforeiningar, fiskarlag og grunneigarlag, samt kommunar, interkommunale organ og landsdekkande organisasjonar.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tiltak som kan få tilskot er:
- Kjøp av kalk.
- Transport og spreiing av kalk.
- Nødvendige installasjonar.
- Informasjon om verknader av utførte tiltak og rettleiing om kalking i vassdrag.
- Reetablering av opphavleg naturmangfald i kalka/tidlegare forsura lokalitetar.
- Utprøving av alternative kalkingsmetodar.
Tilskot blir gitt til prosjekt i område der tolegrensa for menneskeskapt forsuring er overskriden, og kor det kan bli påvist eller sannsynleggjort at skade på naturmangfaldet skuldast forsuring. Tilskot til reetablering kan også bli gitt i område der tolegrensa for forsuring skapt av menneske ikkje lenger er overskriden, men kor tidlegare forsuring har ført til at opphavleg naturmangfald er borte. Det blir ikkje gitt tilskot til kalking av naturleg sure lokalitetar.
Kor skal søknaden sendast
Søknad om tilskot skal sendast Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknader frå lokale organisasjonar og lag, kommunar og interkommunale organ skal adresserast til til fylkesmannen i det fylket søknaden gjeld. Søknader frå landsdekkjande organisasjonar skal adresserast til Miljødirektoratet.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. januar 2014.
Søknadene blir handsama innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.
Krav til innhald i søknaden
Rett utfylling i søknadssenter oppfyller kravet til innhald i søknaden. Ufullstendig utfylt søknad kan medverke til at søknaden blir avvist. Fylkesmannen/Miljødirektoratet kan be om utfyllande opplysningar som er nødvendige for å handsame søknaden.
Tilskot til anadrome laksefisk (Kap. 1420 post 70, underpost 2)
Mål for ordninga og målgruppe
Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for betre forvaltning og bevaring av vill anadrom laksefisk. Målgruppe for ordninga er lokale organisasjonar som til dømes fiskarlag, grunneigarlag og jeger- og fiskeforeiningar. I tillegg kan forskingsinstitusjonar, kommunar, interkommunale organ og landsdekkande organisasjonar søke om tilskot.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tiltak som kan få tilskot er:
- Tiltak knytt til informasjon om og forvaltning av villaks, sjøaure og sjørøye, under dette bevarings- og kultiveringstiltak.
- Praktisk nytta FoU-verksemd og overvaking som grunnlag for lokal forvaltning av lakse- og sjøaurebestandar.
- Tiltak for å betre tilgangen til og moglegheita for fiske for allmenta.
Kor skal søknaden sendast
Søknad om tilskot skal sendast Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Mottakar av søknadene er Miljødirektoratet. Søknader som kjem inn etter fristen vil berre bli handsama om det midlar igjen etter hovudhandsaminga.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. januar 2014.
Søknadene blir handsama innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.
Krav til innhald i søknaden
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller i utgangspunktet kravet til innhald i søknaden. Miljødirektoratet kan be om utfyllande opplysningar som er nødvendige for å handsame søknaden. I tillegg gjeld følgjande:
- Dersom søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvart prosjekt spesifiserast.
- Miljødirektoratet kan krevje at søknaden er basert på ein ferdig driftsplan eller stille som vilkår at driftsplan blir utarbeida.
- Søknaden skal dokumentere at tiltak som inneber fysiske inngrep i naturen ikkje er i strid med godkjend kommunal plan eller kommunalt vedtak.
- Søknader om tilskot til tekniske fiskeforsterkingstiltak skal innehalde opplysningar om området der tiltak er lokalisert, mellom anna geografisk namn, vassdrag og arealkategori i kommuneplan eller reguleringsplan.
- Søknader om tilskot til fiskekultiveringstiltak og tekniske fiskeforsterkingstiltak må ha lagt ved løyve frå grunneigar, fråsegn frå kommunen og løyve frå Noregs vassdrags- og energidirektorat/fylkesmannen, jf lov 24. november 2000 nr 82 om vassdrag og grunnvann og forskrift 15.november 2004 nr. 1468 om fysiske tiltak i vassdrag.
Tilskot til generell vassforvaltning (Kap. 1420 post 70, underpost 3)
Mål for ordninga og målgruppe
Målet med tilskotsordninga er å medverke til eit godt økologisk og kjemisk vassmiljø. Målgruppe for ordninga er vassområde med særskilte utfordringar.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tilskot kan bli gitt til:
- Tiltak der målet er eit godt økologisk og/eller kjemisk vassmiljø.
- Tilrettelegging, organisering og informasjon knytt til arbeidet i vassområde7vassregionar.
- Utgreiingar og andre tenestekjøp knytt til dei særskilte utfordringane i vassområda.
Søknader om tilskot til tiltak som inngår som del av eit planlagt arbeid vil bli prioriterte.
Kor skal søknaden sendast
Søknad om tilskot skal sendast Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Mottakar av søknadene er Miljødirektoratet.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Grunna tekniske problem har skjema for søknad om tilskot til generell vassforvaltning (Kap. 1420 post 70, underpost 3) først blitt lagt ut 22. januar. Fristen for å søkje er samstundes utsett frå 15. januar til 15. februar. Departementet beklagar eventuelle problem dette kan ha skapt for søkjarane.
Krav til innhald i søknaden
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Ufullstendig utfylt søknad kan medverke til at søknaden blir avvist. Fylkesmannen/Miljødirektoratet kan be om utfyllande opplysningar som er nødvendige for å handsame søknaden.
Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt (Kap. 1420 post 72)
Mål for ordninga og målgruppe
Målet for ordninga er sikre full erstatning for dokumenterte og sannsynleggjorte rovviltskader på husdyr og tamrein slik dette er nedfelt i naturmangfaldlova. Erstatningar blir utbetalte i samsvar med ”Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når husdyr blir drept eller skadet av rovvilt”, fastsatt 2. juli 1999 og ”Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når tamrein blir drept eller skadet av rovvilt, fastsett 4. mai 2001. Målgruppa er eigarar av husdyr og tamrein.
Kor skal søknaden sendast
Søknad om tilskot skal sendast Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknadene skal adresserast til Miljødirektoratet.
Søknadsfrist
Søknadsfrist for tamrein er 1. april 2014, og søknadsfrist for husdyr er 1. november 2014.
Krav til innhald i søknaden
Rett utfylling i Miljødirektoratet sitt søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden.
Tilskot til førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga (Kap. 1420 post 73)
Mål for ordninga
Målet med tilskotsordninga er å førebyggje skadar frå rovvilt i husdyrhald og tamreindrift gjennom å medverke til å finansiere førebyggjande tiltak. Vidare skal midlane nyttast til godtgjering ved forsøk på skadefelling av rovvilt, og medverke til å dempe konfliktar og auke verdiskapinga knytt til førekomst av rovdyr i lokalsamfunn.
Del 1. Førebyggjande tiltak
Målgruppe
Primær målgruppe er husdyreigarar og reineigarar, kommunar og lokalsamfunn.
Kva for tiltak kan få tilskot
Ein føresetnad for å gi tilskot til husdyr- og tamreineigarar er at tiltaka med stort sannsyn kan ventast å ha ein direkte tapsreduserande verknad. Dette inneber at tiltak som til dømes omfattar utvida tilsynsaktivitet aleine ikkje kan støttast økonomisk. Tiltak som omfattar fellesløysingar med fleire besetningar, heile beitelag, sankelag m.v. vil bli prioriterte for tilskot framfor tiltak i den einskilde besetning. For annan informasjon om kva slag tiltak som kan få tilskot visast til Miljødirektoratet sitt søknadssystem på internett.
Kor skal søknaden sendast
Søknad om tilskot skal sendast Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknader som omfattar den einskilde region adresserast til fylkesmannen i det fylke der søkjaren har bustad. Søknader av nasjonal karakter skal adresserast til Miljødirektoratet.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. januar 2014.
Fylkesmannen handsamar søknaden innafor ei budsjettramme og nærare føringar fastsett av den regionale rovviltnemnda.
Krav til innhald i søknaden
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krava til innhald i søknaden.
Del 2. Konfliktdempande tiltak
Målgruppe
Målgruppe er husdyreigarar og reineigarar, kommunar og lokalsamfunn. Lokale, regionale og landsomfattande organisasjonar og forskingsinstitusjonar kan også søkje om tilskot.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tiltak i kommunar skal gjere lokalsamfunn som råkast av rovvilt, særleg bjørn og ulv, betre i stand til å handtere konfliktar som disse artane kan skape. Tiltaka skal medverke til auka kunnskap om og forståing for rovvilt og rovviltforvaltning. Tiltak retta mot barn og unge skal prioriterast. Evaluering av verknader av tiltak som er sett i gang kan også få tilskot.
Kor skal søknaden sendast
Søknad om tilskot skal sendast Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknader som omfattar den einskilde region adresserast til fylkesmannen i det fylke der søkjaren har bustad. Søknader av nasjonal karakter skal adresserast til Miljødirektoratet.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. januar 2014.
Fylkesmannen handsamar søknaden innafor ei budsjettramme og nærare føringar fastsett av den regionale rovviltnemnda.
Krav til innhald i søknaden
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krava til innhald i søknaden.
Tilskot til verdsarvområde, kulturlandskap og verdiskaping naturarv (kap 1420 post 81) med følgjande ordningar:
Tilskot til utvalde kulturlandskap
Målet for ordninga og målgruppe
Målet med tilskotet er å sikre berekraftig forvaltning av norske kulturlandskap med særskilt høge verdiar knytte til naturmangfald, med vekt på utvalde kulturlandskap i jordbruket og dei prioriterte områda i nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap. Målgruppa er grunneigarar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå. Privatpersonar, landsdekkande organisasjonar, kommunar og institusjonar kan også søke om tilskot.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tiltak som kan få tilskot er:
- Skjøtsel
- Tilpassa driftsform i jord- og skogbruk
- Restaurering
- Gjerding
- Tiltak for å halde nede framande organismar
- Informasjon
Søknader om tilskot til skjøtselstiltak som er forankra i ein skjøtsels- eller tiltaksplan vil bli prioriterte, under dette dei nasjonalt verdifulle kulturlandskapa. Det blir oppmoda til samfinansiering, til dømes med miljøtiltak i landbruket, der dette er mogleg.
Kor skal søknaden sendast
Søknad om tilskot skal sendast Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknader adresserast til fylkesmannen i det fylket der tiltaket skal gjennomførast.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. mars 2014.
Krav til innhald i søknaden
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden.
Tilskot til verdiskaping naturarv
Mål for ordninga og målgruppe
Ordninga har som hovudmål å medverke til at verneområda og andre verdifulle naturområde blir ein viktig ressurs i samfunnsutviklinga, og at verdien av verneområda blir auka. Målgruppe for ordninga er kommunar, frivillige organisasjonar, grunneigarar og verneområdestyre.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tiltak som kan få tilskot er:
- Tilrettelegging for ferdsel, under dette etablering av stiar for korte turar og sykkelstiar, etablering av innfallsportar, attraksjonar som kanaliserer ferdsel.
- Ulike typar av informasjon, under dette nasjonalparkar som merkevare for stadutvikling.
- Naturfagleg kompetanseheving i reiselivsverksemder.
- Tiltak for å betre samarbeid og kunnskap om verneområda i koplinga mellom naturforvaltning, næring og lokalsamfunn som mange kan ha nytte av.
Tilskot blir tildelte konkrete tiltak knytt til verdiskaping med utgangspunkt i naturarven, og til leiing av prosjekta som får støtte. Prosjekta skal ha potensial for miljøvis, sosial, kulturell og økonomisk verdiskaping, og ha overføringsverdi slik at kunnskap om naturarven kan bli spreidd.
Kor skal søknaden sendast
Søknad om tilskot skal sendast Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknader adresserast til fylkesmannen i det fylket der tiltaket skal gjennomførast.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 1. februar 2014.
Krav til innhald i søknaden
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Prosjekt som får tilskot må stille med 50 pst. lokal innsats eller finansiering.
Tilskot til prioriterte arter og utvalte naturtypar (Kap. 1420, post 82) med følgjande underpostar:
Tilskot til prioriterte arter (kap. 1420 post 82, underpost 1)
Mål for ordninga og målgruppe
Målet med tilskotsordninga er å ta vare på dei plante- og dyreartene i Noreg som blir valde ut som prioriterte arter. Målet er også å ta vare på dei økologiske funksjonsområda til prioriterte arter. Når det gjeld hubro, er målet å gjennomføre naudsynte tiltak for å hindre at hubro døyr som følgje av at arten nyttar straumstolpar som sitjeplass, og kjem i kontakt med straumførande leidningar.
Målgruppe for ordninga er grunneigarar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå. I tillegg kan privatpersonar, landsdekkjande organisasjonar, kommunar og institusjonar (til dømes museum, landbruksføretak, institusjonar innan forsking) søke om tilskot. For midlane øyremerka hubro er målgruppa i første rekkje eigarar av straumnett.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tiltak som kan få tilskot må vere konkrete tiltak i felt. Det kan søkast om tilskot til følgjande tiltak:
- Skjøtsel og vedlikehald, som til dømes rydding, hogst, slått, brenning, bekjemping av framande arter, trepleie, ringbarking, lauving - inkludert utarbeiding av plan for dei nemnte tiltaka.
- Tiltak som gjer biotopar betre eigna som leveområde, som til dømes graving av dam, masseuttak, planting, revegetering, tilrettelegging av vandringskorridorar og overvintringsplassar.
- Tilpassa driftsform i jord- og skogbruk, tilpassa beiting
- Restaurering, som til dømes rydding av buskoppslag og trær, flytting av individ, reintroduksjon, innsamling av frø.
- Gjerding
- Midlar til nødvendig utstyr for å gjennomføre tiltak.
- Informasjon retta lokalt/regionalt, til dømes informasjon retta mot lokal målgruppe eller informasjon om spesifikke lokalitetar/førekomstar.
- Kartlegging i knytt til tiltak, til dømes detaljkartlegging i ein lokalitet der ein veit at ein aktuell prioritert arten finnast, og kartlegginga er nødvendig for å treffe best mogleg med tiltaket en søker om midlar til.
- Tiltak for å hindre at hubro døyr som følgje av at dei bruker straumstolpar som sitteplass, og difor kommer i kontakt med straumførande luftleidningar.
Ordninga omfattar ikkje kartlegging som ikkje inngår som ein del av eit konkret tiltak, og ordninga omfattar heller ikkje forsking og overvaking. Fylkesmannen kan krevje at søknaden er basert på ein godkjend skjøtsels- eller tiltaksplan, eller kan stille som vilkår at plan blir utarbeida.
Kor skal søknaden sendast
Søknad om tilskot skal sendast Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til fylkesmannen i det fylket søknaden gjeld.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 15. januar 2014.
Krav til innhald i søknaden
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden.
Tilskot til utvalde naturtypar (kap. 1420 post 82, underpost 2)
Mål for ordninga og målgruppe
Målet med tilskotsordninga er å ta vare på utvalde naturtypar, og mangfaldet av artar som kjenneteiknar den einskilde naturtypen. Målgruppe for ordninga er grunneigarar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå. I tillegg kan privatpersonar, landsdekkjande organisasjonar, kommunar og institusjonar søke om tilskot.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tiltak som kan få tilskot er:
- Skjøtsel og vedlikehald, som til dømes rydding, hogst, slått, brenning, bekjemping av framande arter, trepleie, ringbarking, lauving - inkludert plan for desse tiltaka.
- Tilpassa driftsform i jord- og skogbruk, tilpassa beiting
- Restaurering, til dømes rydding av buskoppslag og trær, flytting av individ, reintroduksjon, innsamling av frø.
- Gjerding
- Midlar til nødvendig utstyr for å gjennomføre tiltak.
- Informasjon retta lokalt og regionalt, som til dømes informasjon retta mot lokal målgruppe eller informasjon om spesifikke lokalitetar/førekomstar.
- Kartlegging knytt til tiltak, som til dømes detaljkartlegging i ein lokalitet der ein har grunn til å tru at det finnast førekomstar av truga arter, og kartlegginga er nødvendig for å treffe best mogleg med tiltaket ein søker om midlar til.
- Skjøtsels-/tiltaksplan for tiltaket ein ønskjer å gjennomføre.
Ordninga gjeld ikkje kartlegging som ikkje inngår som ein del av eit konkret tiltak, og ordninga gjeld ikkje forsking eller overvaking. Fylkesmannen kan krevje at søknaden er basert på godkjend skjøtsels-/tiltaksplanplan, eller kan stille som vilkår at plan blir utarbeida.
Kor skal søknaden sendast
Søknad om tilskot skal sendast Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til fylkesmannen i fylket der tiltaket skal gjennomførast.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Ordinær søknadsfrist er 15. januar 2014.
Krav til innhald i søknaden
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden.
Tilskot til nasjonalparksenter og andre naturinformasjonssenter (Kap. 1420 post 85)
Mål for ordninga og målgruppe
Målet med tilskotsordninga er å sikre etablering og drift av nasjonalparksenter og naturinformasjonssenter. Hovudmålet er at sentra skal spreie kunnskap og merksemd om naturmangfaldet, og dei skal medverke til lokal berekraftig verdiskaping gjennom måten dei blir drivne på. Sentra skal inspirere folk til å ville lære meir om naturmangfaldet og skape auka engasjement. Sentra skal også leggje til rette for samspel med lokale interessentar for å utvikle berekraftige aktivitetar utanfor og i verneområda.
Målgruppe
Tilskot blir hovudsakeleg gitt til autoriserte nasjonalpark- og naturinformasjonssentra. Det kan bli lyst ut tiltaksmidlar som også andre aktørar kan søke på.
Kva for tiltak kan få tilskot
Autoriserte naturinformasjonssenter kan søke om eit årleg grunntilskot. Dette tilskotet skal dekke fortløpande aktivitet knytt til administrasjon, planlegging og gjennomføring av informasjonstiltak, naturrettleiing m.v. Grunntilskotet i 2014 er på 800 000 kr pr. senter.
Både autoriserte og andre sentre kan søkje om ekstra tilskot til nye utstillingar og informasjonstiltak. Det kan også søkast om midlar for å etablere ekstra tilbod for publikum for sentre som har stort potensiale for stor publikumstilstrøyming og samarbeid med reiselivet.
Kor skal søknaden sendast
Søknad om tilskot skal sendast Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 1. februar 2014.
Krav til innhald i søknaden
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden.
Tilskot til fiskeformål (Kap. 1425 post 70)
Mål for ordninga og målgruppe
Målet for tilskotsordninga er å er å sikre og utvikle bestandar av anadrome laksefisk, og leggje til rette for og motivere til fiske.
Målgruppa for ordninga er lokale organisasjonar som til dømes fiskarlag, grunneigarlag og jeger- og fiskarforeiningar, og forskingsinstitusjonar, kommunar og interkommunale organ og landsdekkjande organisasjonar.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tiltak som kan få tilskot er:
- Tiltak knytt til informasjon og forvaltning av villaks, sjøaure og sjørøye, under dette kultiveringstiltak, driftsplanlegging, anvend forsking og overvaking.
- Tiltak for å betre tilgangen til og moglegheita til fiske for allmenta.
- Tiltak retta mot rekruttering eller stimulering til fiske.
Kor skal søknaden sendast
Søknad om tilskot skal sendast Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknader om tilskot tiltak av lokal karakter skal adresserast til fylkesmannen i det fylket søknaden gjeld. Nasjonale tiltak skal adresserast til Miljødirektoratet. Søknader som kjem inn etter fristen vil berre bli handsama dersom det er midlar igjen etter hovudhandsaminga.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. januar 2014.
Krav til innhald i søknaden
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Fylkesmannen/Miljødirektoratet kan be om utfyllande opplysningar som er nødvendige for å handsame søknaden. I tillegg gjelder følgjande:
- Dersom søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvart prosjekt spesifiserast.
- Fylkesmannen kan krevje at søknaden er basert på ein ferdig driftsplan eller stille som vilkår at driftsplan blir utarbeidd.
- Søknaden skal dokumentere at tiltak som inneber fysiske inngrep i naturen ikkje er i strid med godkjend kommunal plan, eller kommunalt vedtak.
- Søknader om tilskot til tekniske fiskeforsterkingstiltak skal innehalde opplysningar om området der tiltaket er lokalisert, mellom anna geografisk namn, vassdrag og arealkategori i kommuneplan eller reguleringsplan.
- Søknader om tilskot til fiskekultiveringstiltak og tekniske fiskeforsterkingstiltak må ha lagt ved løyve frå grunneigar, fråsegn frå kommunen og løyve frå Noregs vassdrags- og energidirektorat/fylkesmannen, jf. lov av 24. november 2000 nr 82 om vassdrag og grunnvann og Forskrift 15.november 2004 om fysiske tiltak i vassdrag.
Tilskot til viltformål (Kap. 1425 post 71)
Mål for ordninga og målgruppe
Målet for tilskotsordninga er å medverke til at det blir eit haustingsverdig overskot av viltet, og at produktivitet og mangfaldet av arter i naturen blir teke vare på nasjonalt og regionalt. Målgruppa for ordninga er lag og organisasjonar, og i visse tilfelle institusjonar, kommunar og einskildpersonar.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tiltak som kan få tilskot er:
- Tilrettelegging, organisering og informasjon om jakt og jaktmoglegheiter.
- Kartlegging av viltressursane/viltet sine leveområde og viltinteresser i kommunar og regionar.
- Innarbeiding av viltet sine leveområde og viltinteressar i kommunale planar etter plan- og bygningslova.
- Iverksetjing av tiltak der føremålet er betre bestandsoversyn.
- Oppretting og drift av lokale samarbeidsråd.
- Deltaking i rettshavarane sitt driftsplanarbeid.
- Andre særleg prioriterte viltføremål.
Søknader om tilskot til tiltak som er forankra som del av ein plan vil bli prioriterte.
Kor skal søknaden sendast
Søknad om tilskot skal sendast Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.
Søknader om haustbare viltarter, unnateke villrein, grågås og kortnebbgås, skal adresserast til fylkeskommunen i det fylket der tiltaket skal gjennomførast.
Søknader om ikkje haustbare viltarter og villrein, grågås og kortnebbgås skal adresserast til fylkesmannen i det fylket der tiltaket skal gjennomførast.
Søknader frå sentralorgan i landsdekkande organisasjonar skal adresserast til Miljødirektoratet.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. januar 2014.
Krav til innhald i søknaden
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden.
Tilskot til friluftsliv
Alle søknader skal fremjast gjennom det nettbaserte søknadssystemet til Miljødirektoratet. Unntak er søknader om tilskot til drift og investering i Skjergardstenesta.
Statlege tileigningar, bandlegging av friluftslivsområde (Kap. 1420 post 30)
Mål for ordninga og målgruppe
For å sikre område til friluftsliv skaffar det offentlege til veie areal ved erverv av eigedomsrett eller ved avtale om varig bruksrett (servituttavtale). Det viktigaste føremålet med statlege midlar til sikring av friluftslivområde, er at friluftslivet skal styrkast som ein helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg fritidsaktivitet. Sikring av område for friluftsliv i nærområde er eit viktig verkemiddel for å nå grupper som er lite aktive. Ordninga rettar seg mot kommunar og interkommunale friluftsråd. Lokale lag og organisasjonar m.v. kan gjerne ta initiativ overfor kommunar og friluftsråd om å fremje sikringssøknad.
Kva for tiltak kan få tilskot
Statlege midlar vil særleg bli prioriterte ved sikring av areal i nærleiken av bustadområde som kan nåast utan bruk av bil eller båt. Område som kan brukast av store folkegrupper, som til dømes allment tilgjengeleg grønstruktur i og ved byar og tettstader, er særleg prioriterte. Landfaste område i kystsona og sentrale område ved innlandsvassdrag har også høg prioritet, under dette område eigna for fritidsfiske.
Søknader som er handsama og prioriterte i ein kommunal prosess etter plan- og bygningslova vil bli prioriterte. Dette aukar sjansane for at ulike interesser er ivaretekne og at sikring av friluftslivsområde skjer som ledd i ein plan for utvikling av friluftslivtilbodet i kommunen, og at ein regional eller nasjonal samanheng er vurdert. Ordninga rettar seg særleg mot areal som blir/vil bli intensivt nytta, og som bør leggjast til rette for friluftslivsføremål. Sikring av område for friluftsliv skal ikkje vere ein erstatning for ivaretaking av friluftsliv gjennom kommunale arealplanar, men vere eit supplement til slike planar.
Kor skal søknaden sendast
Søknad om tilskot skal sendast gjennom Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.
Søknaden skal adresserast til fylkeskommunen i det fylket søknaden gjeld. Fylkeskommunen sender søknadene vidare til Miljødirektoratet med ei tilråding.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. januar 2014. Frist for fylkeskommunen til å sende søknadene vidare til Miljødirektoratet med ei tilråding er 1. april 2014. Miljødirektoratet handsamar søknadene og skal gi melding til søkar om utfallet innan 1. juli 2014. Statlege midlar til føremålet vert tildelt over statleg investeringspost, og det er ingen klagerett på tildelingar.
Krav til innhald i søknaden
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden.
Tilskot til friluftslivsføremål (Kap. 1420 post 78) med følgjande ordningar:
Tilskot til friluftsaktivitet
Mål for ordninga og målgruppe
Målet med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for alle grupper i befolkninga Målgruppe for ordninga er lag og organisasjonar som arbeider med aktivitetsfremjande tiltak for friluftsliv.
Kva for tiltak kan få tilskot
Det blir primært gitt tilskot til friluftstiltak som stimulerer til direkte friluftsaktivitet, som til dømes organiserte turar, friluftsleirar, praktiske kurs og anna opplæring i friluftslivsaktivitetar. Det kan også fis støtte til utstyr og materiell som medverkar til å fremje friluftslivsaktivitetane, som til dømes fiskestengar og telt. Følgjande typar av aktivitetar og tiltak blir prioriterte:
- Aktivitetar som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege for ulike brukargrupper.
- Tiltak som blir gjennomført i nærmiljøet – særleg vekt på byar og tettstader.
- Tiltak som inkluderer ein plan for marknadsføring av tiltaket overfor ulike aktuelle målgrupper.
- Tiltak som inneberer utvikling av nye metodar og tiltak for å oppfylle tilskotsordningas mål på ein betre og meir effektiv måte.
- Tiltak i samband med Sportsfiskets år 2014, og andre tiltak som fremjar innlandsfiske som friluftslivsaktivitet.
- IKT-baserte produkt og tenester som kan medverke til at fleire blir aktive og tek del i friluftsliv.
- Tiltak som medverkar til å gjere synlege og formidle kulturminne som opplevingsverdi i friluftsliv.
Følgjande befolkningsgrupper blir prioriterte:
- Personar som er lite fysisk aktive
- Barn, unge og barnefamiliar
- Personar med nedsett funksjonsevne
- Personar med innvandrarbakgrunn
Kor skal søknaden sendast
Søknad om tilskot skal sendast gjennom Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.
Søknader frå organisasjonar og lag på kommune- og fylkesnivå skal adresserast til fylkeskommunen i det fylket søknaden gjeld. Om eit tiltak planleggjast gjennomført i fleire fylker, skal søknad adresserast til kvar av dei aktuelle fylkeskommunane med opplysningar om planlagt aktivitet og behov for midlar i det aktuelle fylket. Om tiltaket har personar frå heile landet som målgruppe, og/eller det er vanskeleg å knytte tiltaket til eit eller eit fåtal fylke, skal søknaden adresserast til Miljødirektoratet.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. januar 2014.
Krav til innhald i søknaden
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden.
Tilskot til friluftsaktivitet for personar med innvandrarbakgrunn
Mål for ordninga og målgruppe
Målet for ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for personar med innvandrarbakgrunn. Det er vidare eit mål med ordninga å auke integreringa av personar med innvandrarbakgrunn i befolkninga. Målgruppa for ordninga er sentralleddet til lag og organisasjonar som arbeider med aktivitetsfremjande tiltak for friluftsliv der personar med innvandrarbakgrunn er målgruppe, og som har etablert lokallag og aktivitet i tre eller fleire fylker.
Kva for tiltak kan få tilskot
Det blir primært gitt støtte til friluftslivstiltak som stimulerer direkte til friluftsaktivitet, som til dømes organiserte turar, friluftsleirar, praktiske kurs og annan opplæring i friluftslivsaktivitetar. Utstyr og materiell som medverkar til å fremje friluftslivsaktivitetar, til dømes fiskestengar og telt, kan også få støtte. Av personar med innvandrarbakgrunn blir dei som er lite aktive og barn, unge og barnefamiliar prioriterte.
Følgjande aktivitetar og tiltak blir prioriterte:
- Tiltak som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege.
- Tiltak som fører til auka integrering av personar med innvandrarbakgrunn i befolkninga elles.
- Tiltak som blir gjennomførte i nærmiljøet med særleg vekt på byar og tettstader.
- Utarbeiding av informasjon om friluftsliv som kan nyttast av organisasjonar og kommunar i deira arbeid med personar med innvandrarbakgrunn.
- Oversetting av informasjon om friluftsliv og turhøve på nettbaserte løysingar og appar.
Kor skal søknaden sendast
Søknad om tilskot skal sendast gjennom Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. januar 2014.
Krav til innhald i søknaden
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden.
Driftsstøtte til Friluftsrådenes landsforbund, interkommunale friluftsråd, Friluftslivets fellesorganisasjon og Forum for natur og friluftsliv
Mål for ordninga og målgruppe
Målet med tilskotsordninga er å styrke friluftslivet og allmentas interesse for og deltaking i friluftslivet gjennom tildeling av driftsstøtte til Friluftsrådenes landsforbund (FL), interkommunale friluftsråd som ikkje er tilslutta FL, Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO) og nasjonalt sekretariat for Forum for natur og friluftsliv (FNF).
Kva for tiltak kan få tilskot
Midlane skal medverke til at FL og dei interkommunale friluftsråda kan vidareføre arbeidet med drift og skjøtsel av friluftslivsområde, og gjennomføre friluftslivaktivitetar for ulike grupper i befolkninga. Midlane skal også medverke til FRIFO sitt arbeid innafor friluftsliv, og til at samarbeidsforum mellom natur- og friluftsorganisasjonar (FNF) på fylkesnivå blir halden oppe.
Kor skal søknaden sendast
Søknad om tilskot skal sendast gjennom Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. FL fordeler driftsstøtta til friluftsråd tilslutta FL, Friluftsråd som ikkje er tilslutta FL sender søknad om driftsstøtte direkte til Miljødirektoratet.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. januar 2014. Alle søkarar skal få svar innan 1. april 2014.
Krav til innhald i søknaden
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden.
Tiltak i statleg sikra friluftslivsområde
Mål for ordninga og målgruppe
Målet for ordninga er å medverke til naturvennleg fysisk tilrettelegging og skjøtsel i statleg sikra friluftslivsområde og i område verna som friluftslivsområde etter markalova, slik at områda blir tilgjengelege og attraktive. Berre kommunar og interkommunale friluftsråd kan søke om midlar, men ein frivillig organisasjon kan ta hand om den daglege drifta av friluftsområdet. Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Buskerud, Oppland og Østfold er målgruppe for tilskot til friluftslivsområde verna etter markalova.
Kva for tiltak kan få tilskot
Midlane skal nyttast til opparbeiding av området, tilrettelegging og skjøtsel i statleg sikra friluftsområde. Tilrettelegginga har følgjande hovudmål:
- Minske dei fysiske hindringane for friluftsliv og leggje til rette for auka friluftsaktivitet for alle.
- Hindre at friluftsliv fører til unødige naturinngrep, slitasje og forstyrring på plante- og dyrelivet, kulturminne og kulturmiljø
- Ivareta kvalitetar knytt til opplevingar i området, og leggje til rette for gode naturopplevingar.
Aktuelle tiltak er til dømes informasjonstavler, opparbeiding av atkomstveg, parkeringsplass og turvegar/ turstigar, tilrettelegging for fritidsfiske, badeplassar, toalett og renovasjonsordning, tiltak for å auke tilgjengelegheit for personar med nedsett funksjonsevne og formidling av kulturminne. Midlane skal ikkje nyttast til drift av friluftslivsområdet.
Det blir stilt krav om at kommune/friluftsråd har utarbeid forvaltningsplan for friluftslivsområdet. Planen skal følgje ”Mal for forvaltningsplan”, vere godkjent av fylkesmannen og vere innanfor planperiode. For område verna til friluftsliv etter markalova er det eit vilkår at tiltaka er i tråd med verneforskrift og eventuell forvaltningsplan for området.
Følgjande typar av friluftslivsområde vil bli prioriterte:
- Område som ligg i eller nær byar og tettstader.
- Område som blir eller har potensial for bli mye brukt.
- Område med lite tilgjengeleg strandsone og stort press på areala.
- Sentrale område ved innlandsvassdrag.
Kor skal søknaden sendast
Søknad om tilskot skal sendast gjennom Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til fylkeskommunen i det fylke søknaden gjeld.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. januar 2014. Alle søkarar skal få svar innan 1. april 2014.
Krav til innhald i søknaden
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden.
Skjergardstenesta
Mål for ordninga og målgruppe
Midlane skal nyttast til drift og investeringar til Skjergardstenesta, og gjeld berre for dei faste einingane i Skjergardstenesta langs kysten frå Halden til og med Bergen.
Driftsområdestyre (i Oslofjorden til og med Telemark), kommunar med eiga driftseining i Skjergardstenesta (kystkommunar i Aust- og Vest-Agder) og dei 4 interkommunale friluftsråda i Vestkystparken (driftseiningar i Skjergardstenesta) kan søkje om midlar.
Kva for tiltak kan få tilskot
Midlane skal gå til å dekke utgiftene til praktisk drift og forvaltning av skjergardsparkar og andre offentleg sikra friluftslivsområde langs kysten, knytt til drift av Skjergardstenesta i Oslo, Skjergardsparkane på Sørlandet og Vestkystparken. Midlane skal også dekke den statlege delen av investeringskostnader knytt til kjøp av nye arbeidsbåtar, jf prioritering i den vedtekne investeringsplanen. Nokre midlar vert også nytta til statleg dekning av store reparasjonskostnadar etter særskilt avtale med Miljødirektoratet.
Kor skal søknaden sendast
Søknad om driftsmidlar skal adresserast til fylkesmannen i det fylke søknaden gjeld. For Vestkystparken skal søknad adresserast til Fylkesmannen i Rogaland som har sekretariatet for Vestkystparken i 2014.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 1.februar 20134 for søknad om driftstilskot. Alle søkjarar skal få svar innan 15. april 2014. Miljødirektoratet kan sette vilkår for bruk av dei statlege driftsmidlane.
Det er ikkje ein eigen søknadsfrist for søknader om investeringsmidlar til nye båtar. Denne tildelinga følgjer ein felles vedteke investeringsplan, og den einskilde driftseining mottek melding frå Miljødirektoratet etter kvart som det vert aktuelt å starte opp å planlegge innkjøpet. Innkjøpet skjer vidare i samarbeid mellom lokal driftseining og Miljødirektoratet, og følgjer fastsett prosedyre. Miljødirektoratet kan sette som vilkår at Staten får ein eigardel i den nye båten.
Søknader om statlege midlar til delfinansiering av store reparasjonar har heller ingen eigen søknadsfrist. Tiltaket skal om mogleg drøftast og avtalast før arbeidet tek til. Søknad sendast til Miljødirektoratet med kostnadsoverslag eller kopi av utgiftar som vedlegg. Tildeling skjer i samsvar med eigen fastsett nøkkel for kostnadsdeling.
Krav til innhald i søknaden
Søknad om driftsmidlar skal innehalde rekneskap og rapport for siste år, og driftsplan og budsjett for kommande år.
Tilskot til kulturminnetiltak
Tilskot til kulturminnetiltak (Kap. 1429 post 50, 70, 71, 72, 73,74, 75, 77 og 79)
Generell omtale
Riksantikvaren er direktorat for kulturminneforvaltninga, og gir råd og rettleiing i faglege spørsmål til Klima- og miljødepartementet. Riksantikvaren forvaltar tilskotsmidlane over postane 70, 71, 72, 73, 74, 75, 77 og 79. Sametinget forvaltar tilskotsmidlane over post 50.
Hovudføremålet for kulturminneforvaltninga er å hindre tap av kulturminne og kulturmiljø, og ta vare på kulturminne som bruksressursar og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Tilskotsmidlane må ein sjå i denne samanheng. Eigar vil som hovudregel ha ansvaret for gjennomføring av eit tiltak, men i einskilde høve kan det vere føremålstenleg at Riksantikvaren, fylkeskommunen/Sametinget eller kommunane er ansvarlege i samarbeid med eigar. Der det er mogleg bør tilskotsmidlane kombinerast med ordningar for opplæring som kan heve kunnskapsnivået innan antikvarisk istandsetjing. Det blir lagt vekt på utvikling av handverkskompetanse og bruk av tradisjonelle handverksteknikkar og materiale.
Kor skal søknaden sendast
Som hovudregel skal søknaden sendast fylkeskommunen som vurderer og prioriterer før dei sender søknaden til Riksantikvaren for slutthandsaming. Ta kontakt med fylkeskommunen om det er behov for meir informasjon. Søknad om tilskot til samisk arbeid med kulturminnevern skal sendast til Sametinget.
Søknadsskjema kan ein få ved å vende seg til dei respektive fylkeskommunane. I fylke der det ikkje finst eige søknadsskjema, skal søknaden følgje Krav til innhald i søknaden i dette rundskrivet. Det same gjeld for søknadar som skal sendast direkte til Riksantikvaren.
Søknadsfrist
Søknadsfristen til Riksantikvaren er 15. januar 2014. Søknadar som først skal handsamast av fylkeskommunane må sendast fylkeskommunen i god tid føre dette. Fylkeskommunane kan ha ulike tidsfristar. Desse vert kunngjorde i dagspressa.
Krav til innhald i søknaden
I. Krav til identifikasjon av søkjar:
- Namn, adresse, eventuelt kontaktperson
- Telefonnummer
- Bankkontonummer, og eventuelt organisasjonsnummer i Brønnøysundregisteret
II. Krav til fagleg omtale av prosjektet/tiltaket som det blir søkt om pengar til:
- Namn eller adresse på objektet som ein søkjer tilskot til
- Kva for tiltak som planleggjast
- Framdriftsplan for prosjektet/tiltaket
- Beløp som det vert søkt om
- Korleis prosjektet/tiltaket er planlagt gjennomført (til dømes bruk av arkitekt, handverkarar, eigeninnsats)
- Referansar frå prosjektleiar og utførande handverkarar frå liknande oppdrag
III. Krav til økonomisk omtale av prosjektet/tiltaket:
Utgifter spesifisert på:
- Løn inkl. feriepengar og arbeidsgjevaravgift
- Forbruksmateriell
- Reiser, transport, opphald
- Konsulenthjelp
- Andre utgifter (spesifisert)
Finansiering spesifisert på:
- Riksantikvaren eller fylkeskommunen (kap 1429, postane 70, 71, 72, 73, 74, 75 77 og 79)
- Andre departement eller direktorat
- Tilskot frå kommunen, eller tilskot frå fylkeskommunen som ikkje er statsmidlar
- Anna finansiering (spesifisert)
Det må vere samsvar mellom budsjettering og summen det søkast om.
Kostnadsoverslag og tilbod frå utøvande handverkar, arkitekt m.v. skal følgje søknaden. Likeeins beskriving av tiltaket med teikningar og eventuelle fotografi. Vidare må søknaden innehalde ei utgreiing av om tiltaket eller delar av tiltaket kan gjennomførast ved mindre tilskot enn omsøkt. Dersom søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvart prosjekt bli spesifisert.
Dersom søkjaren er ein organisasjon/institusjon, må søknaden fremjast av leiinga for organisasjonen/institusjonen. Dersom ei verksemd er mottakar av tilskot til drift, må ho kunne leggje fram vedtekter, statuttar e.l. og organisasjonsplan eller oversikt over styringsstrukturen i verksemda.
For anna informasjon om tilskotsordningane visast det til omtala av desse i Prop. 1 S (2013-2014) for Miljøverndepartementet. Fylkeskommunen eller Riksantikvaren kan også gi meir informasjon.
Rapportering
Tilskotsmottakar må levere sluttrapport på utført arbeid, under dette ein økonomisk rapport. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrav blir gitt i dei enkelte tilskotsbrev.
Omtale av dei einskilde ordningane
Tilskot til samisk arbeid med kulturminnearbeid (Kap. 1429 post 50)
Mål for ordninga og målgruppe
Målet for ordninga er å setje i stand og synleggjere samiske kulturminne og kulturmiljø. Målgruppa er private eigarar av samiske kulturminne og kulturmiljø.
Tiltak som kan få tilskot
Tilskotsordninga skal ivareta dei overordna kulturminnefaglege omsyna i arbeidet med samiske kulturminne og kulturmiljø. Det blir gitt tilskot til større vedlikehalds- og restaureringsarbeid, men også til skjøtsel, sikring, standsetjing og formidling. Det er Sametinget som fastsett prioriteringane for ordninga.
Kor skal søknaden sendast
Søknad skal sendast til Sametinget, 9730 Karasjok. Tlf. 78 47 40 00. Sametinget svarer også på spørsmål om ordninga.
Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne (Kap. 1429 post 70)
Mål for ordninga og målgruppe
Målet med tilskotsordninga er å medverke til forvaltning og sikring av kunnskapen om automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne. Tilskotsordninga har fire målgrupper:
- Private tiltakshavarar
- Private eigarar og forvaltarar av automatisk freda arkeologiske kulturminne
- Forvaltingsinstitusjonar med ansvar for arkeologiske kulturminne etter gjeldande forskrift
- Ordninga dekkjer òg finnarløn
Tiltak som kan få tilskot
- Arkeologiske registreringar og utgravingar jf. forpliktingar omtalt i §§ 8, 9 og 10 i kulturminnelova.
- Staten dekkjer som hovudregel utgiftene til registreringar og utgravingar av arkeologiske kulturminne i samband med mindre private tiltak, jf. kulturminnelova § 10.
- Utgifter til registreringar og utgravingar av arkeologiske kulturminne, som nemnt i kulturminnelova §§ 8 og 9, bærast av tiltakshavar. Når særlige grunnar ligg føre kan Riksantikvaren kan fastsetje at utgiftene heilt eller delvis skal dekkjast av staten, jf. kulturminnelova § 10.
- Skjøtsel, restaurering og formidling og tiltak som gir auka tilgjenge eller som medverkar til å avgrense slitasjen på kulturminna. Tiltak der mellom anna lokalt engasjement og særlege opplevings- og formidlingsverdiar er knytte til kulturminna skal prioriterast. Tilskota er knytt opp mot bevaringsprogrammet for utvalde arkeologiske kulturminne og bevaringsprogrammet for bergkunst.
- Delar av midlane i tilskotsordninga er øyremerkte forvaltningsinstitusjonar med ansvar for arkeologiske kulturminne etter gjeldande forskrift.
- Finnarløn som blir fastsett etter skjønn av Riksantikvaren i medhald av kulturminnelova § 13.
For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga.
Kor skal søknaden sendast
- Det skal ikkje sendast eigen søknad om tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre, private tiltak. Ved handsaming av “Søknad om løyve til inngrep i automatisk freda kulturminne” er det fylkeskommunen og Sametinget som vurderer om søknaden gjeld eit mindre, privat tiltak. Utgiftene til arkeologiske undersøkingar vert i så fall heilt eller delvis dekte av staten.
- Søknaden skal sendast fylkeskommunen som handsamar søknadane og sender dei vidare til Riksantikvaren
- Det skal ikkje sendast søknad – midlane er øyremerkte
- Søknad om finnarløn sendast til Riksantikvaren.
Søknadsfrist
- Det er ingen søknadsfrist. “Søknad om løyve til inngrep i automatisk freda kulturminne” kan leverast heile året.
- Søknadsfristen til Riksantikvaren er 15. januar 2014
- Ingen søknadsfrist – midlane er øyremerkte
- Når det gjeld finnarløn kan ein søkje heile året.
Krav til innhald i søknaden
For punkt 2 over sjå under generell omtale over. For søknader om tilskot til skjøtsel stiller Riksantikvaren krav om skjøtselsplan. Riksantikvaren kan hjelpe til med utarbeide ein slik plan.
Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap (Kap. 1429 post 71)
Mål for ordninga og målgruppe
Tilskotsordninga er knytt opp til Bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige.
Målet er at freda og andre verdifulle kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap i privat eie skal vere sett i stand til ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020. Tilskotsordninga følgjer opp dei statlege pliktene i kulturminnelova. Det vil seie å gi heilt eller delvis vederlag til private eigarar av freda kulturminne til fordyrande arbeid som følgjer av vilkår for dispensasjon, og til spesielt tyngande vedlikehaldsansvar, jf kulturminnelova.
Tilskotsordninga har tre målgrupper:
- Private eigarar og forvaltarar av freda bygningar, anlegg, kulturmiljø og landskap
- Private eigarar og forvaltarar av freda eller spesielt verneverdige kulturminne og kulturmiljø som er typiske for liv og verksemd langs kysten,
- Private eigarar og forvaltarar av dei åtte freda kulturmiljøa, samt andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap.
Private eigarar og forvaltarar kan vere einskildpersonar, stiftingar, styret i foreining/organisasjon/sameige, kyrkjesokn, sokneråd, frivillige organisasjonar eller liknande.
Riksantikvaren kan sjølv initiere tiltak innanfor særlege satsingsområde. Det er også mogleg for fylkeskommunane på vegne av eigarar å søkje om midlar til større oppgåver for kulturminne som har nasjonal verdi.
Tiltak som kan få tilskot
Tilskot blir fordelt til private (heilt eller delvis) eigarar og forvaltarar av bygningar, anlegg, kulturmiljø og landskap som er vedtaksfreda, automatisk freda, mellombels freda eller der fredingssak er under behandling. Tilskot gis til heil eller delvis dekning av meirutgifter i samband med istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel i samband med fredingsføremålet.
Tilskot til viktige sikrings- og istandsettingstiltak blir tildelt etter følgjande prioriteringar: Tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, mellombels sikring og tiltak som sikrar bygningar og anlegg det finst få av. I arbeidet med kystkulturen skal det leggjast til rette for at kulturminne og kulturlandskap kan medverke til å skape attraktive lokalsamfunn. Tilskot til verdifulle kulturmiljø og landskap skal primært tildelast tiltak som er forankra i forvaltnings- og skjøtselsplanar.
Tilskotsmidlar til skjøtsel av utvalte kulturmiljø som er freda etter kulturminnelova, og andre særleg viktige kulturmiljø skal primært nyttast til praktiske forvaltningstiltak for å setje i stand, skjøtte og sikre kulturlandskap. Tiltaka bør medverke til å utvikle prinsipp og modellar for god forvaltning. Ein vil prioritere prosjekt som gir verknad med omsyn til utvikling, samordning eller samspel og prosjekt som har overføringsverdi. Dei freda kulturmiljøa vil bli prioriterte ved tildeling av tilskot. Tilskotsmidlane blir fordelte etter søknad frå private eigarar og forvaltarar av desse områda.
Bruk av tradisjonelle materialar, teknikkar og handverk og opplæring og kunnskapsoppbygging er også viktige grunnar for tildeling av tilskot.
For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga. Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren innanfor disponible budsjettmidlar utføre ei samla fagleg vurdering av tiltaka i forhold til målet for tilskotsordninga, under dette også verknader lokalt og regionalt. Riksantikvaren kan også sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innafor særlege satsingsfelt.
Kor skal søknaden sendast
Søknaden skal sendast til fylkeskommunen.
Søknadsfrist
Sjå under generell omtale over.
Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne (Kap. 1429 post 72)
Mål for ordninga og målgruppe
Tilskotsordninga er knytt opp til Bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne. Målet er at eit av dei 10 opphavlege anlegga i bevaringsprogrammet for teknisk og industrielle kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan utgangen av 2015, mens dei fire anlegga som nyleg er inkluderte i programmet skal vere satt i stand i løpet av tre til fem år.
Målgruppa er i hovudsak private eigarar og forvaltarar av dei utvalde anlegga. Det kan også bli løyvd midlar til andre anlegg som representerer og dokumenterer norsk teknisk og industriell historie.
Tiltak som kan få tilskot
Tilskotsmidlane blir fordelt til private eigarar og forvaltarar av dei utvalde anlegga. For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga. Tilskot gis til sikring, vedlikehald og istandsetjing. Tiltak som stansar eller hindrar ytterlegare forfall og tiltak for å fullføre pågåande arbeid med å setja i stand dei utvalde anlegga, skal prioriterast. Det vil bli lagt vekt på at denne typen kulturminne skal kunne gi grunnlag for verdiskaping gjennom ny bruk.
Kor skal søknaden sendast
Søknaden skal sendast Riksantikvaren.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 15. januar 2014.
Krav til innhald i søknaden
Sjå under generell omtale over.
Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring (Kap. 1429, post 73)
Mål for ordninga og målgruppe
Tilskotsordninga er knytt til Bevaringsprogrammet for stavkyrkjene, Bevaringsprogrammet for ruinar, Bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige og Bevaringsprogrammet for brannsikring av tette trehusmiljø og stavkyrkjer.
Dei 28 stavkyrkjene skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2015. Prioriterte ruinar og profane bygningar frå mellomalderen skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020. Branntilløp og brann i stavkyrkjer, og brann mellom hus i tette trehusmiljø, skal unngåast.
Målgruppa er private eigarar og forvaltarar av automatisk freda bygningar og anlegg frå mellomalderen, og av utvalde tette trehusmiljø. Private eigarar og forvaltarar kan vere einskildpersonar, stiftingar, styret i foreining/organisasjon/sameige, kyrkjesokn, sokneråd og frivillige organisasjonar eller liknande.
Tiltak som kan få tilskot
Tilskot blir fordelt til private eigarar og forvaltarar av automatisk freda bygningar og anlegg frå mellomalderen, og utvalde tette trehusmiljø. For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga. Tilskot gis til vern, sikring og beredskapsarbeid, under dette brannsikringstiltak, istandsetjing av stavkyrkjene og sikring og konservering av verdifull kyrkjekunst i disse kyrkjene. Det kan også ytast tilskot til sikrings- og restaureringstiltak på mellomalderbygningar og mellomalderruinar. Det blir lagt vekt på prosjekt som har overføringsverdi for brannsikring til andre verdifulle kulturminne og kulturmiljø. Det blir også lagt vekt på utvikling av handverkskompetanse og bruk av tradisjonelle handverksteknikkar og materialar.
Tiltak for istandsetting skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren. Riksantikvaren kan sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak på særleg viktige prosjekt.
Kor skal søknaden sendast
Midlane fordelast direkte frå Riksantikvaren til bygningar og anlegg frå middelalderen, inkludert stavkyrkjar. Andre søknadar sendast til fylkeskommunane som vidaresender søknaden til Riksantikvaren.
Søknadsfrist
Søknadsfrist til Riksantikvaren er 15. januar 2014.
For at fylkeskommunane skal rekkje å handsame søknaden før denne fristen, må søknader sendast fylkeskommunen i god tid føre dette. Fylkeskommunane kan ha ulike tidsfristar. Sjå under generell omtale over.
Krav til innhald i søknaden
Sjå under generell omtale over.
For ruinar stiller Riksantikvaren krav om at det skal lagast ein plan for skjøtselen. Riksantikvaren kan hjelp til med å utarbeide ein slik plan.
Tilskot til Fartøyvern (Kap. 1429, post 74)
Mål for ordninga og målgruppe
Tilskotsordninga er knytt opp til Bevaringsprogrammet for fartøy. Målet med ordninga er å sikre og setje i stand eit utval av freda fartøy og fartøy der det er inngått avtale med private eigarar om vern innan 2020. Målgruppe for ordninga er eigarar og forvaltarar av slike kulturminne.
Tiltak som kan få tilskot
Tilskot blir fordelt til konkret istandsetjings- og vedlikehaldsarbeid på fartøy. For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga. Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren innanfor disponible budsjettmidlar utføre ei samla fagleg vurdering av tiltaka i lys av den einskilde søknaden, og av behovet og venta miljøfaglege resultat som er synleggjort i søknaden. Riksantikvaren kan også sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innafor særlege satsingsfelt. Grunnstilskotet til Norsk Foreining for Fartøyvern som er på 1,7 mill. kroner blir utbetalt over denne posten etter søknad frå foreininga.
Tilskot vil bli tildelt etter følgjande prioriteringar: Viktige sikrings- og restaureringstiltak som har allmenn interesse, økonomisk gjennomføringsvilje og -evne, potensial for lokalt engasjement, særlege opplevings- og formidlingsverdiar knytt til fartøyet. I tilegg skal tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall og fartøy som det finst få av prioriterast. Tiltaka skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren. For å sikre ei kostnadseffektiv gjennomføring av omfattande og kompliserte tiltak skal det i startfasen gjennomførast planlegging og prioritering av tiltaka. Fartøy som er freda ved vedtak etter kulturminnelova vil bli særskilt prioriterte.
Kor skal søknaden sendast
Søknad skal sendast Riksantikvaren.
Søknadsfrist
Søknadsfrist til Riksantikvaren er 15. januar 2014.
Krav til innhald i søknaden
Sjå under generell omtale over.
Tilskot til fartøyvernsenter (Kap. 1429 post 75)
Mål for ordninga og målgruppe
Tilskotsmidlane er knytt til Bevaringsprogrammet for fartøy. Tilskotsordninga skal hjelpe dei tre utvalde fartøyvernsentra i deira funksjon som kompetansesenter for restaurering og vedlikehald av freda og verna fartøy.
Målgruppe for ordninga er dei tre utvalde fartøyvernsentra: Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum, Hardanger Fartøyvernsenter og Bredalsholmen Dokk- og Fartøyvernsenter.
Tiltak som kan få tilskot
Tilskot kan ytast som driftstilskot for å dekkje sentra sine kostnader med fellestenester knytte til forsking, dokumentasjon og fagleg rådgiving. Tilskotet skal primært medverke til å finansiere stillingar knytte til dokumentasjonsarbeid i samband med istandsetjing på fartøy som Riksantikvaren gir tilskot til. Noko av tilskotsmidlane kan nyttast til investeringar i anlegga. For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga.
Kor skal søknaden sendast
Søknaden skal sendast Riksantikvaren.
Søknadsfrist
Søknadsfristen til Riksantikvaren er 15. januar 2014.
Krav til innhald i søknaden.
Sjå under generell omtale over.
Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap. 1429, post 77)
Mål for ordninga og målgruppe
Målet med ordninga er å stimulere til at kulturminne og kulturmiljø blir tekne i bruk i utvikling av lokalsamfunn og som grunnlag for miljøvis, økonomisk, sosial og kulturell utvikling.
Tiltak som kan få tilskot
Tilskot skal nyttast til satsingar som tydeleggjer og integrerer kulturminnefeltet i lokal og regional utvikling og som samstundes siktar mot ei koordinert og langsiktig forvaltning av kulturminne og kulturmiljø. Det skal leggjast vekt på prosjekt som ser kulturarv og naturverdiar i saman, og som involverer eigarar, bedrifter, frivillige, styresmakter og institusjonar for utvikling lokalt og regionalt. Det er ein føresetnad at fylkeskommunane og kommunane er aktive deltakarar. Arbeidet med Pilegrimsleia og Kultur- og naturreisa vil bli prioriterte. For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga.
Kor skal søknaden sendast
Søknad skal sendast Riksantikvaren.
Søknadsfrist
Søknadsfrist til Riksantikvaren er 15. januar 2014.
Krav til innhald i søknaden
Sjå under generell omtale over.
Tilskot til verdensarven (Kap. 1429 post 79)
Mål for ordninga og målgruppe
Tilskotsordninga er knytt til Bevaringsprogrammet for verdsarven. Målet med ordninga er å forvalte stadene på UNESCOs verdsarvliste i tråd med forpliktingane i Unescos verdsarvkonvensjon og de internasjonale retningslinene frå Unesco. I spesielle tilfelle kan midlane nyttast til tiltak som indirekte medverkar til sikring av verdsarven.
Tiltak som kan få tilskot
Tilskot blir gitt til private eigarar og forvaltarar i stader i Noreg som står på UNESCOs verdsarvliste. Dette er for tida sju stader. Tilskot gis til prosjekt for sikring, istandsetjing, overvaking og andre naudsynte tiltak. I spesielle tilfelle kan midlane nyttast til tiltak som indirekte medverkar til sikring av verdsarven.
Riksantikvaren kan sjølv initiere viktige tiltak. Det er også mogleg for fylkeskommunane på vegne av eigarar å søkje om midlar til større oppgåver. For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga.
Kor skal søknaden sendast
For Bryggen i Bergen skal søknad sendast til Fylkeskonservatoren i Hordaland, og for Bergstaden Røros til Røros kommune. Søknader for Urnes stavkyrkje og bergkunsten i Alta skal sendast til Riksantikvaren. Søknader som gjeld bygningsvern på Vegaøyane, Vestnorsk fjordlandskap og Struves triangelkjede skal sendast dei respektive fylkeskommunane.
Søknadsfrist
Kommunane og fylkeskommunane har eigne søknadsfristar som ein kan få opplyst ved å vende seg dit. Sjå under generell omtale ovafor. Søknadsfrist til Riksantikvaren er 15. januar 2014.
Krav til innhald i søknaden
Sjå under generell omtale over.
Norsk kulturminnefond - Tilskot til disposisjon for kulturminnetiltak (Kap. 1432, post 50)
Mål for ordninga og målgruppe
Målet med ordninga er å styrke arbeidet med å ta vare på verneverdige kulturminne og kulturmiljø, og medverke til at eit mangfald av desse kan nyttast som grunnlag for framtidig oppleving, kunnskap, utvikling og verdiskaping. Ordninga skal medverke til å redusere tapet av verneverdige kulturminne. Det kan også søkast om tilskot til freda kulturminne.
Målgruppa er private eigarar og forvaltarar, under dette einskildpersonar, stiftingar, ideelle organisasjonar, frivillige organisasjonar og liknande.
Tiltak som kan få tilskot
Tilskot blir primært gitt til tiltak som fører til vern og sikring av verneverdige kulturminne og kulturmiljø, og til å hindre tap av kulturminne. Tilskot kan også gis til freda kulturminne og kulturmiljø. Tilskot til prosjekt som fremjar verdiskaping, handverk, næringsverksemd og aktivitet i lokalsamfunnet blir prioriterte. Vidare blir prosjekt som gir synergieffektar, og som løyser ut private midlar eller betydeleg eigeninnsats prioriterte.
Kor skal søknaden sendast
Søknad skal sendast Norsk kulturminnefond.
Søknadsfrist
Kulturminnefondet har 1. november som ein årleg søknadsfrist for innsending av søknader.
Krav til innhald i søknaden
Sjå heimesida til Norsk kulturminnefond og Forskrift om vedtekter for Norsk Kulturminnefond.
Oversikt over andre tilskotsordningar som er aktuelle for kulturminne og kulturmiljø
Det finst også tilskotsordningar som forvaltast av andre enn Riksantikvaren som kan vere aktuelle å søkje om midlar frå til kulturminne- og kulturverntiltak, m.a.:
- Norsk kulturfond – kulturvern.
- Statens landbruksforvaltning – spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL), under dette ivaretaking av natur- og kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap.
- ABM-utvikling – prosjektmidlar.
Tilskotsordningar på forureiningsområde
Utbetaling av pant for bilvrak (Kap. 1420 post 75)
Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall, kapittel 4 om kasserte kjøretøy, del IV omhandlar utfylling av vrakmelding og utbetaling av vrakpant.
Mål for ordninga og målgruppe
Målet for ordninga er å få bileigarane til å levere kasserte kjøretøy (bilar under 3 500 kg) til godkjend oppsamlingsplass slik at bilvraka blir handsama på ein forsvarleg måte og kan gjenvinnast. Målgruppa er alle bileigarar.
Kva for tiltak kan få tilskot
Det blir utbetalt pant med kr 3000 for innlevering av bilvrak og beltemotorsyklar til godkjend oppsamlingsplass.
Vrakpanten blir utbetalt av Tollregion Midt-Noreg, Bodø mot kvittering for at bilvraket er levert til godkjend oppsamlingsplass for handsaming.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Utbetaling av vrakpant skjer fortløpande.
Krav til innhald i søknaden
Rett til utbetaling følgjer av Stortinget si løyving. Meldingar om mottekne vrak er grunnlag for utbetaling.
Refusjonsordningar (Kap. 1420 post 76) med følgjande ordningar:
Refusjon av smøreoljeavgifta
Mål for ordninga og målgruppe
Målet for ordninga er å stimulere til auka innlevering av spillolje til miljøgodkjent handsaming. Refusjon/ tilskot skal medverke til å redusere prisen den som har avfall må betale for handtering av spillolje. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg (for tida 20 anlegg) som har førehandstilsegn om tilskot frå Miljødirektoratet.
Kva for tiltak kan få tilskot
Det blir utbetalt refusjon pr. liter spillolje som fyller krava for refusjon, og blir levert til godkjend handsaming. Det blir utbetalt refusjon for mange typar av brukt smøreolje, transformatoroljer o.l. med unnatak for spillolje som kjem frå større skip i internasjonal sjøfart.
Oppfølging og kontroll
Oppfølginga blir ivareteke gjennom statistikk over årleg innsamla spillolje. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg for farleg avfall med førehandstilsegn frå Miljødirektoratet. I tilsegna er det fastsett vilkår som refusjonsmottakar er forplikta til å følgje.
Utbetalingsoppmodinga blir kontrollert i høve til vilkåra.
Refusjon av avgift på trikloreten (TRI)
Mål for ordninga og målgruppe
Målet for ordninga er å hindre utslepp til miljøet av TRI frå TRI-haldig avfall, og den er eit verkemiddel som skal medverke til at avgiftssystemet verkar optimalt. Posten dekkjer utbetaling av refusjon og utgifter til informasjon og administrasjon av ordninga. Refusjonsordninga er regulert i forskrift om gjenvinning og behandling av avfall, kap. 7 om refusjon av avgift på trikloreten(TRI).
Kva for tiltak kan få tilskot
Refusjonssatsen er på kr 25 pr. kilo TRI. Refusjonen gjeld TRI som inngår i TRI-haldig avfall innlevert til godkjent mottak for farlig avfall eller til godkjent verksemd som driv gjenvinning av TRI. Berre TRI det er innbetalt avgift for gir krav på refusjon.
Kor skal søknaden sendast
Refusjonskrav kan fremjast av den som har avfall ved søknad til Miljødirektoratet eller han som Miljødirektoratet gir slik mynde.
Krav til innhald i søknaden
Ved søknaden må den som har avfall leggja ved kopi av dokument som viser at det er betalt avgift for den mengde TRI som det krevjast refusjon for (jf. forskrift 11. desember 2001 nr. 1451 om særavgifter, Kap. 3-14) og at avfallet er levert til godkjent mottakar.
Refusjon av avgift på hydrofluorkarbonar (HFK) og perfluorkarbonar (PFK)
Mål for ordninga og målgruppe
Målet med ordninga er å redusere utslepp til miljøet av hydrofluorkarbonar (HFK) og perfluorkarbonar (PFK). Målgruppa er aktørar som har HFK- og PFK-haldig avfall.
Kva for tiltak kan få tilskot
Det blir utbetalt refusjon for den mengd HFK og PFK som er levert til godkjent destruksjonsanlegg for destruksjon. Refusjonssatsane vil vere lik dei gjeldande differensierte avgiftssatsane for avgifta på HFK og PFK ved tidspunktet for innlevering, jf Stortingets årlege avgiftsvedtak og forskrift 11. desember 2001 nr. 1451 om særavgifter § 3-18-2. Avgifta er i 2014 på kr 300 pr tonn CO2 – ekvivalentar.
Kor skal søknaden sendast
Refusjonskrav kan fremjast av den som har levert gass til forsvarleg destruksjon ved søknad til Miljødirektoratet.
Krav til innhald i søknaden
Det må leggjast ved analyseprøver til søknaden som viser kva slag mengd og typar av HFK og PFK som er levert til destruksjon. Søknaden skal òg innehalde dokumentasjon som viser at den mengda HFK og PFK det blir søkt om refusjon for, er levert til godkjent mottak for destruksjon. Retten til refusjon fell bort om avfallet ikkje blir oppbevart ved destruksjonsanlegget i minst to veker etter at søknad om refusjon er sendt inn. Retten til refusjon fell òg bort om avfallet i løpet av denne perioden ikkje er merka med kven som har levert avfallet, eller om avfallet ikkje er påført ein referanse til eit analyseprov.
Miljødirektoratet kan fastsetje nærare reglar for utbetaling av refusjon i dei tilfella der HFK- og PFK-haldig avfall blir eksportert.
Oppryddingstiltak (Kap. 1420 post 69)
Mål for ordninga og målgruppe
Ordninga skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunane har til å undersøke og til å gjennomføre oppryddingstiltak i grunn og sjøbotn som er forureina med helse- og miljøfarlege stoff. Målgruppa er kommunar, og dei må sjølv koordinere og delfinansiere oppryddingsprosjekta.
Kva for tiltak kan få tilskot
Omtala av kap. 1420 post 39 i Prp. 1 S for 2013-2014 for Miljøverndepartementet, inneheld i det store og heile føringar som også gjeld for kap. 1420 post 69.
Kor skal søknaden sendast
Søknader skal sendast til Miljødirektoratet. Søknader blir handsama løpande. Frist for å søke om midlar blir kvart år annonsert på Miljødirektoratets heimeside.
Krav til innhald i søknaden
Det er viktig å få fram kva for kriterium som ligg til grunn for søknaden, jf. lista i postomtalen i Prp. 1 S for 2013-2014 for Miljøverndepartementet til kap. 1420 post 39. Elles er tiltak ofte så samansette og komplekse at det ofte ligg ein lengre dialog til grunn om ei sak før ein søknad blir laga. Ein tilrår av den grunn kontakt med Miljødirektoratet for å klarleggje krava til den einskilde søknad på førehand.
Oppryddingstiltak (Kap. 1420 post 79)
Mål for ordninga og målgruppe
Ordninga skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunale og interkommunale selskap/verksemder, private verksemder og privatpersonar har til å undersøke og gjennomføre oppryddingstiltak i grunn og sjøbotn som er forureina med miljøfarlege stoff.
Kva for tiltak kan få tilskot
Omtala av kap. 1420 post 39 i Prp. 1 S for 2013-2014 for Miljøverndepartementet inneheld føringar som også gjeld for kap. 1420 post 79.
Kor skal søknaden sendast
Søknader skal sendast til Miljødirektoratet. Søknader blir handsama løpande og det er ingen særskild søknadsfrist. Frist for å søke om midlar blir kvart år annonsert på Miljødirektoratets heimeside.
Krav til innhald i søknaden
Det er viktig å få fram kva for kriterium som ligg til grunn for søknaden, jf. lista i postomtalen i Prp. 1 S for 2013-2014 for Miljøverndepartementet til kap. 1420.39. Elles er tiltak ofte så samansette og komplekse at det oftast ligg ein lengre dialog til grunn om ei sak før ein søknad blir laga. Ein tilrår av den grunn kontakt med Miljødirektoratet for å klarleggje krav til innhald i den einskilde søknad på førehand.
Andre tilskotsordningar
Tilskot til Den naturlege skulesekken (Kap. 1400 post 62)
Mål for ordninga og målgruppe
Målet for tilskotsordninga er å setje i gang utvikling av lokale undervisningsopplegg på den einskilde skule. Opplegga skal medverke til at elever i grunn- og vidaregåande skule som framtidige arbeidstakarar får kunnskap og medvit om berekraftig utvikling og miljøutfordringane på kloden, og blir i stand til å forstå og utvikle løysingar på miljøproblema i dag og i framtida. Tilskot kan gis til grunnskular og vidaregåande skular, Vg1.
Kva for tiltak kan få tilskot
Den enkelte skule kan søkje på midlar til utvikling av undervisningsopplegg innafor berekraftig utvikling. Tiltak som kan få tilskot er utvikling av undervisningsopplegg som:
- har høg faglig kvalitet og famnar om 2 eller fleire fag, der naturfag eller samfunnsfag må vera eit av faga
- nytter skulen sitt nærmiljø som læringsarena
- utførast i samarbeid med eksterne aktørar
- tar i bruk utforskande arbeidsmåtar
Ein føresetnad for å få tilskot er at opplegget er i samsvar med rettleiingsmateriell som Naturfagsenteret gjev ut årlig på http://www.natursekken.no/artikkel/vis.html?tid=1996536
Planlegging kan også bli finansierte med midlar frå ein ekstern aktør, og prosjekt der ein kan oppnå samfinansiering vil bli prioriterte.
Kor skal søknaden sendast
Naturfagsenteret sitt elektroniske søknadssystem på internett skal nyttast. Naturfagsenteret kan kontaktast for hjelp til utfylling.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknader kan sendast frå 1. februar (ikkje tidlegare) og søknadsfristen er 15. mars 2014.
Naturfagsenteret handsamar søknadene frå skulane innanfor ei budsjettramme fastsett av Miljødirektoratet og Utdanningsdirektoratet. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar. Alle søkjarar skal få svar innan 15. mai 2014.
Krav til innhald i søknaden
Sjå eige rettleiingsmateriell frå Naturfagsenteret.
Tilskot til nasjonale og internasjonale miljøtiltak (Kap. 1400 post 76)
Del 1. Omtale av den delen av løyvinga som er open for søknader
Mål for ordninga og målgruppe
Målet for ordninga er å medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller sine internasjonale plikter når det gjeld naturmangfald, klima og forureiningar, og nasjonale mål innafor alle resultatområda i miljøforvaltninga. Målet med ordninga er vidare å styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er svært viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøvernpolitiske prioriteringar internasjonalt.
Ein stor del av midlane under kap. 1400 post 76 er øyremerka bestemte føremål gjennom omtale i Prop. 1 S (2013 – 2014) for Miljøverndepartementet. Av den føreslåtta løyvinga er 5,4 mill. kroner opne for søknader. Desse midlane vil departementet mellom anna prioritere mot søknader som gjeld miljømerking og miljøsertifisering, arbeid for å fremje CO2-fangst og lagring (CCS), prosjekt som er relaterte til opprydding og førebygging av miljøgifter, avfallsrelaterte prosjekt, prosjekt som medverkar til auka bruk av miljøvennlege transportformer og redusert transportbehov og prosjekt som medverkar til å oppfylle Aichi-måla om naturmangfald.
Søknader som gjeld klimatilpassing, utvikling og dokumentasjon av berekraftig skogforvaltning, og samarbeid med andre nordiske land om prosjekt retta inn mot dei internasjonale klimaforhandlingane vil òg bli prioriterte. Målgruppa er ikkje-statlege, frivillige nasjonale og internasjonale organisasjonar. Institusjonar og private verksemder kan også søkje.
I tillegg er det satt av 200 000 kroner til tilskot til reiseutgifter knytt til deltaking på internasjonale møter i 2014. Målet med dette er å medverke til ei brei og demokratisk deltaking på internasjonale møter, og målgrupper for reisestøtta er NGO'er kor NGO'ar med arbeidsfelt innan klima og miljø vil bli prioriterte.
Det er også satt av 1 mill. kr til opplæring i naturmangfaldlova og 1.5 mill. kr til tiltak for å halde nede framande organismar.
Kor skal søknaden sendast
Søknad skal sendast Klima- og miljødepartementet, postmottak@md.dep.no
Søknader på midlar til opplæring i naturmangfaldlova og tiltak for å halde nede framande organismar skal sendast Miljødirektoratet.
Søknadsfrist
1. mars 2014.
Del 2. Omtale av øyremerka tilskot til Den naturlege skulesekken
Mål og målgruppe for ordninga
Det er sett av 2 mill. kroner til å sette i gang tiltak eller prosjekt hos lokale og landsdekkjande ikkje-statlege lag, organisasjonar og privatpersonar som støtter opp under grunnskulens (1.- 10. trinn) og Vg1 sin planlegging og gjennomføring av fleirfaglege undervisningsopplegg i nærmiljøet.
Ein føresetnad for å få tilskot er at opplegget er i samsvar med rettleiingsmateriell som Miljødirektoratet gir ut årleg i samråd med Naturfagsenteret. Rettleiingsmateriell for 2014 vil vere tilgjengeleg frå 1. februar på på http://www.natursekken.no/c2014134/artikkel/vis.html?tid=2014135
Kor skal søknaden sendast
Søknad om tilskot skal sendast gjennom Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Miljødirektoratet kan hjelpe til med utfylling.
Søknadsfrist
Søknader kan sendast frå 1. februar og søknadsfristen er 15. mars 2014.
Det er klagerett på generell tildeling, eller mangel på tildeling frå denne ordninga. Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er motteke.
Krav til innhald i søknaden
Rett utfylling i det nettbaserte søknadssystemet oppfyller krava til innhald i søknaden.
Tilskot til ymse organisasjonar og stiftelsar m.m (Kap. 1420 post 77) med følgjande ordningar:
Tilskot til frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige stiftelsar innanfor forureiningsområdet
Mål for ordninga
Målet for ordninga er å gi grunntilskot til demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar innanfor forureiningsområde for å sikre frivillig engasjement og styrke medverknaden i miljøvernspørsmål lokalt, regionalt og sentralt, basert på fagleg innsikt.
Målgruppe
Det er rekna med tilskot til:
- Norsk vannforening
- Norsk forening mot støy
- Tilskot til LOOP
- Avfall Norge sin ”Hold Norge Rent” - kampanje
Kva for tiltak kan få tilskot
Tilskot blir gitt som grunntilskot/driftstilskot. For 2014 er det rekna med tilskot til dei nemnde mottakarane på same nivå som for 2013.
Kor skal søknaden sendast
Miljødirektoratet sitt søknadssystem på internett skal nyttast.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. januar 2014.
Krav til innhald i søknaden
Rett utfylling i Miljødirektoratet sitt søknadssystem på internett oppfyller krava til innhald i søknaden.
Tilskot til naturfaglege organisasjonar
Mål for ordninga
Målet med ordninga er å gi grunntilskot til demokratisk oppbygde, landsomfattande naturfaglege organisasjonar for å sikre frivillig engasjement og styrke medverknaden i miljøvernspørsmål lokalt, regionalt og sentralt, basert på fagleg innsikt.
Målgruppe
Det er rekna med tilskot til:
- Foreningen Våre Rovdyr
- Norsk Biologforening
- Norsk Botanisk Foreining
- Norsk Entomologisk Foreining
- Norsk Ornitologisk Foreining
- Noregs Sopp- og nyttevekstforening
- Norsk Zoologisk Forening
Kva for tiltak kan få tilskot
Tilskot blir gitt som grunntilskot/driftstilskot. For 2014 er det rekna med tilskot til dei nemnde mottakarane på same nivå som for 2013.
Kor skal søknaden sendast
Miljødirektoratet sitt søknadssystem på internett skal nyttast.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristen er 15. januar 2014.
Krav til innhald i søknaden
Rett utfylling i Miljødirektoratet sitt søknadssystem på internett oppfyller krava til innhald i søknaden.
Tilskot til tiltak/prosjekt for å bringe miljøvern nær folk (Del av kap 1400 post 81)
Mål og målgruppe for ordninga
Føremålet er å informere og engasjere enkeltmenneske til miljøvennleg åtferd. Midlane kan nyttast til tiltak og prosjekt som er nyskapande, og skal også medverke til å gjere miljøinformasjon og miljøkunnskap tilgjengeleg. Det er viktig å nå breitt ut til befolkninga. Målgruppe for ordninga er organisasjonar, stiftingar og faglege nettverk.
Kor skal søknaden sendast
Søknad skal sendast til Klima- og miljødepartementet, Kommunikasjonsenheten, Postboks 8013 Dep., 0030 Oslo.
Søknadsfrist og sakshandsaming
Det er ingen søknadsfrist. Det vil vere kontinuerleg handsaming av søknader gjennom heile året, men siste søknadsfrist er 10. desember 2014.
Krav til innhald i søknaden
Søknaden skal innehalde ei framstilling av prosjektet, mellom anna kva prosjektet dreier seg om, prosjektet sitt potensiale, dei samla kostnadene ved tiltaket, plan for finansiering og plan for gjennomføring. Det vil bli stilt krav til rapportering om resultat frå prosjektet.
Stipend (Kap. 1471 post 50)
Mål for ordninga
Stipendmidlane skal auke rekruttering til og kompetansen innafor den norske polarforskinga. Midlane er eit viktig verkemiddel for å stimulere norsk polarforsking på Svalbard. Støtte blir primært gitt til norske hovudfags- og doktorgradsstudentar. Støtta skal dekkje ekstrautgifter ved opphald i felt.
Utlysing av ordninga skjer i slutten av oktober kvart år med frist midt i november. Ein komité under Svalbard Science Forum vurderer søknadene og deler ut midlar.
Svalbards miljøvernfond (Kap. 1472, post 50)
Svalbards miljøvernfond blei etablert i 2005. Fondet består mellom anna av midlar frå miljøavgift for reisande til Svalbard og andre avgifter i samband med jakt og fiske.
Både fondskapitalen og avkastninga skal nyttast til tiltak på Svalbard og som har til føremål å verne miljøet på øygruppa. Fondet har eit styre som fordeler fondsmidlane etter eksterne søknader. Sekretariatet for fondet er lagt til Sysselmannen på Svalbard.
For fristar og skjema for søknader, sjå: http://www.sysselmannen.no/, og klikk på ”Svalbards miljøvernfond” nedst til venstre på forsida.
Adresseliste
Direktorat
Miljødirektoratet
Tungasletta 2
7485 Trondheim
tlf. 73 58 05 00
Adresse i Oslo: Strømsvn. 96, Pb. 8100 Dep.
0032 Oslo
tlf. 22 57 34 00
http://www.miljødir.no/
Elektronisk søknadssenter
Riksantikvaren
Dronningensgt. 13, P.b. 8196 Dep.
0034 Oslo
tlf. 22 94 04 00
http://www.riksantikvaren.no/
Fylkesmannen
Fylkesmannen i: |
Adresse |
Telefon/Telefax |
Oslo/Akershus |
Tordenskjoldsgt. 12 |
22 00 35 00 |
Østfold |
Vogtsgt. 17, 1502 Moss |
69 24 70 00 |
Hedmark |
Statens hus, Parkgt 36, |
62 55 10 00 |
Oppland |
Storgata 170, Serviceboks |
61 26 60 00 |
Buskerud |
Fylkeshuset, |
32 26 66 00 |
Vestfold |
Statens Park, Anton Jensensgt. 6 |
33 37 10 00 |
Telemark |
Statens Hus, |
35 58 61 10 |
Aust-Agder |
Ragnvald Blakastads vei 1 |
37 01 75 00 |
Vest-Agder |
Tordenskioldsgt 65 |
38 17 60 00 |
Rogaland |
Statens hus, Lagårdsvn. 78 |
51 56 87 00 |
Hordaland |
Statens hus, Kaigt. 9 |
55 57 20 00 |
Sogn og Fjordane |
Tinghuset, Skrivarvegen 3 |
57 65 50 00 |
Møre og Romsdal |
Fylkeshuset |
71 25 84 43 |
Sør-Trøndelag |
Statens Hus |
73 19 90 00 |
Nord-Trøndelag |
Statens Hus |
74 16 80 00 |
Nordland |
Moloveien 10 |
75 53 15 00 |
Troms |
Strandveien 13 |
77 64 20 00 |
Finnmark |
Statens hus, |
78 95 03 00 |
Fylkeskommuner
Fylkeskommune |
Adresse |
Telefon/Telefax |
Østfold |
P.b. 220 |
69 24 70 00 |
Akershus |
P.b. 1200 Sentrum |
22 05 50 00 |
Oslo |
P.b. 9336 Grønland |
02 180 23 49 30 09 |
Hedmark |
Fylkeshuset |
62 54 40 00 |
Oppland |
Serviceboks |
61 28 90 00 |
Buskerud |
Fylkeshuset |
32 80 85 00 |
Vestfold |
Sven Foynsgt. 9 3126 Tønsberg |
33 34 40 00 |
Telemark |
Fylkeshuset |
35 58 42 00 35 52 99 55 |
Aust-Agder |
Serviceboks 606 |
37 01 73 00 |
Vest-Agder |
Serviceboks 517 |
38 07 45 00 |
Rogaland |
P.b. 130 |
51 51 66 00 |
Hordaland |
P.b. 7900 |
55 23 90 00 |
Sogn og Fjordane |
Fylkeshuset, Askedalen 2 |
57 64 30 00 |
Møre og Romsdal |
Fylkeshuset |
71 25 80 00 |
Sør-Trøndelag |
Erling Skakkesgt. 14 |
73 86 60 00 |
Nord-Trøndelag |
Seilmakergt. 2 |
74 11 10 00 |
Nordland |
Prinsensgt. 100 |
75 65 00 00 |
Troms |
P.b. 6600 |
77 78 80 00 |
Finnmark |
Fylkeshuset |
78 96 20 00 |