Parlamentet diskuterte anti-terrortiltak
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Utenriksdepartementet
Rapport fra studentpraktikantene Ingvild Nave og Mads Danielsen, med bidrag fra ambassaderåd Eli Jonsvik.
Nyhet | Dato: 03.02.2015
Europaparlamentet var samlet til miniplenum i Brussel onsdag 28. januar. De diskuterte tiltak for å bekjempe terror, Junckers investeringspakke og veien frem mot klimatoppmøtet i Paris. Studentpraktikantene Ingvild Nave og Mads Danielsen rapporterer, med bidrag fra ambassaderåd Eli Jonsvik.
I tillegg til de traktatfestete 12 plenumssesjonene som Europaparlamentet (EP) avholder i Strasbourg hvert år, kan det også holdes såkalte «miniplenum» i Brussel. Etter et opphold på grunn av reparasjoner i plenumssalen, vil disse bli holdt bortimot månedlig fremover.
Anti-terror
Eit flypassasjerregister (PNR) var dagens store sak då EP diskuterte anti-terrortiltak. Det er stor usemje om tiltaket, der argumentet i mot som oftast går på fridom og grunnleggande rettar for innbyggjarane i unionen. Det verkar å vere større einigheit om at ein bør finne betre måtar å dele informasjon som allereie blir innhenta av nasjonale myndigheiter. Mange av parlamentsmedlemmane (MEPane) er opptatt av tiltak som omhandlar dei ytre grensene. Tiltak mot radikalisering på lokalt nivå var knapt nemnt. Eit par av MEPane påpeika at det er noko overraskande då mange framandkrigarar er fødde og oppvaksne i lokalsamfunn rundt om i Europa. United Kingdom Independence Party (UKIP), Front National o.l gjentok at den einaste løysinga på terrorisme i EU, er å stenge grensene for muslimar og opprette nasjonale grenser.
Kommissær Avramopoulos (DG HOME) presenterte arbeidet til Kommisjonen (KOM) mot terrorisme. Han la sterk vekt på at det var svært viktig at EU sto samla i denne saka og kom fram til ei heilskapleg løysing. Dette er ikkje ei tid for konkurranse mellom EU-institusjonane. Sjølv om det er medlemsstatane som sit med hovudansvaret for tryggleik, var kommissæren klar på at EU er ein del av løysinga. Mange av dei relevante EU-verktøya er på plass, og ein må vidare evaluere bruken av desse og sjå på om nye tiltak er naudsynte for å sikre effektivitet. Kommissæren meiner PNR er naudsynt for å sikre tryggleiken til innbyggjarane i Europa.
Revidert ISS for perioden 2015-2020 vil snarleg bli presentert og KOM arbeider no med European Agenda for Security (EAS). Det vil bli viktig å i endå større grad identifisere risikofaktorar og dele informasjon. Avramopoulos skal ha eit møte med Europol og Eurojust for å finne ut korleis ein kan forbetre informasjonsutveksling under dagens rammeverk. I agendaen er også kampen mot illegal våpenhandel viktig. Samanhengen mellom organisert kriminalitet og terroristgrupper skildrar Avramopoulos som slåande. Det vil bli viktig å fråta desse gruppene deira finansieringskanalar. EU vil også setje inn ein innsats for betre samarbeid med tredjeland.
Gianni Pittella (S&D) var den første som kom med kritikk mot PNR, han ønskte heller å ta i bruk det som allereie ligg i EU sin verktøykasse. PNR er berre ein faktor i ein langt og avansert reknestykke, der auka innsats på til eksempel utdanning og dialog kan vere minst like viktig. PNR blei av andre skildra som masseovervaking og noko som slett ikkje kunne stoppa terrorangrepa i Paris. Eva Joly (Greens/EFA) kom også med eit tordnande nei, og meinte proposjonalitet er eit prinsipp som bør følgjast. Overvaking vil ikkje stoppe terrorisme, men underminere skjøre demokrati. Andre frykta Paris-angrepa ville føre til eit EU som fører same politikk som USA gjorde etter 9/11.
Guy Verhofstadt sa at ALDE er villege til å diskutere ei PNR-løysing, så lenge det kjem med garantiar for tryggleiken til informasjonen som blir samla inn. Han tar også til orde for Eurointel (eit slags europeisk etteretningsteneste). Også ECR verkar å vere meir tilbøyelege for å diskutere PNR. Rachida Dati (EPP) påpeika at informasjonen det er snakk om PNR allereie blir henta inn, og at det difor er meir fornuftig å samordne det på tvers av alle 28 medlemsland. Også ei meir effektiv bruk av SIS og grensesjekkar var ønska.
Fleire er bekymra over at KOM er for treige med å få tiltak i gang. Kommissær Avramopoulos blei bedt om å legge fram ei tidsramme for kva tiltak som skulle vere på plass når, men svarte ikkje på dette. Det blei også påpeika at der fins tiltak ein kan setje i gang eller effektivisere innanfor dagens reglement, som ikkje er utført.
ECJ sin dom mot Datalagringsdirektivet blei nemnt fleire gongar i samband med at ein meinte PNR knapt kunne vere lovleg når DLD blei dømt. Andre meinte at ein kunne bruke denne dommen for å finne ei aksepterande form på PNR.
Junckers investeringspakke
Europakommisjonens visepresident Jyrki Katainen samt det latviske formannskapetredegjorde for status i arbeidet med Junckers investeringspakke. Investeringspakken på 315 milliarder euro (ca. 2900 milliarder NOK) er det viktigste enkelttiltaket i Kommisjonens arbeidsprogram for 2015.
Hovedelementene i planen:
- Mobilisere til investeringer uten å ta opp ny offentlig gjeld.
- Støtte investeringsprosjekter innen utvalgte nøkkelområder
- Et ambisiøst reformarbeid for å gjøre Europa mer attraktivt for investeringer og fjerne regulatoriske flaskehalser.
Kommisjonen og Den europeiske investeringsbanken (EIB) går sammen i et partnerskap om det som blir et European Fund for Strategic Investments (EFSI). Fondet får 21 milliarder euro i såkornsgaranti fra EUs eget budsjett og EIB. Ved bruk av finansielle mekanismer ventes dette å gi minst 315 milliarder i totale offentlige og private investeringer over treårsperioden. Katainen understreket at den desidert viktigste delen av pakken er de bredere reformene som skal gjennomføres, spesielt den videre utbyggingen av Det indre marked.
Katainen bekreftet at medlemsstater og andre som bidrar til fondet vil få fordeler, bl. a. styreplass. Fondet skal rapportere hyppig til Kommisjonen og årlig til EP og Rådet. EP skal få retten til å innkalle til høringer med fondets ledere (managing director m. fl.) når som helst. Videre understreket han de tre hovedkriteriene for prosjektstøtte: Økonomisk bærekraft, lokal og nasjonal oppslutning samt oppfølging EUs politiske prioriteringer, bla Europa 2020, klima- og energirammeverket.
Det er en ekspertkomité som skal vurdere prosjektforslagene, og det skal være «en brannmur» mellom styringskomiteen og investeringskomiteen. Dette vil samlet bidra sterkt til å tiltrekke private investeringer.
Parlamentarikerne fokuserte på fem overordnede punkter i debatten:
- Behovet for regulatorisk effektivisering og strukturelle endringer.
- Finansieringen av investeringspakken, spesielt uro over at ingen medlemsstater har lovet støtte og at det tas av eksisterende midler, bl.a. Horizon 2020.
- Pakken må skape arbeidsplasser.
- Velg smarte og bærekraftige prosjekter, gjerne prosjekter med relativt høy risiko. Investeringene må kanaliseres til vanskeligstilte regioner.
- Mangel på åpenhet og mulighet til offentlig ettersyn (scrutiny).
Gruppekoordinatorene til EPP, S&D, ALDE og De Grønne uttrykte klar støtte til investeringspakken. Samtlige uttrykte forventninger om at medlemsstatene bør bidra til fondet og at tiltaket er bra for å få private aktører til å investere mer. ECR og GUE-NGL var også positive, men mer kritiske. EFDD bidro hovedsakelig med generell kritikk av det økonomiske systemet i Europa.
Veien fram til en ny internasjonal klimaavtale
Med under eit år att til COP21 i Paris, ber debatten i EP preg av at ein er i ferd med å få dårleg tid. Sett vekk i frå polske representantar som er bekymra for konkurranseevna til energi-intensiv industri (les: polske kolminer), og UKIP-representantar som framleis argumenterer for at global oppvarming er tull, var det brei einigheit om at Paris-møtet er alfa-omega for å sikre ei berekraftig framtid.
Det latviske formannskapet sa tydeleg at målet i Paris er å få på plass ein universell og juridisk bindande klimaavtale. Formannskapet tar også til orde for at alle partar i avtalen skal bidra etter si evne, og melde inn sine bidrag i løpet av første kvartal 2015. Avtalen må også vere dynamisk og ha evna til å respondere til endringar, men må vere langsiktig.
Kommissær for energi og klima, Miguel Arias Canete, opna sitt innlegg med ei evaluering av Lima-møtet i haust. Spesielt var det tre punkt han meinte var essensielle fram mot COP21.
- Alle land skal kome med sine bidrag innan 1. mars.
- Ein har fått i land ein avtale for å sikre at landa leverer informasjon som skildrar kva kutt dei skal gjennomføre.
- FN har fått mandat til å skrive ein «statusrapport» når alle bidraga er sendt inn, slik at ein har oversikt over kva ein kan få gjort innanfor desse rammene.
Canete påpeikar også viktigheita av at avtalen må vere juridiske bindande for å i det heile fungere. I tillegg legg han vekt på at den skal vere dynamisk og transparent. Det er knytt ein viss positivitet til at Kina og USA hadde samtalar om klima hausten 2014. EU, USA, Kina står til saman for rundt 50 prosent av drivhusgassutslepp i verda. Canete påpeikar likevel at samtlege G20 land, og andre relevante økonomiar må vere villege til å bidra. For å få til dette vil Kommisjonen mobilisere sine diplomatiske ressursar. Under leiinga av visepresident Mogherini skal ein drive vidstrakt klimadiplomati fram mot Paris-møtet i desember 2015. Også finansiering er ei ufordring, og Kommisjonen arbeider både med private selskap og verdsbanken for å skaffe meir midlar til klimafond.
Hovedtalsmannen for EPP tok raskt til orde for at ETS-reformen og dei marknadsstabiliserande tiltaka må på plass for å sikre at private selskap investerer i berekraftige løysingar. Både MEPar frå S&D og ECR støtta dette. Også vidare utvikling av CCS var trekt fram av fleire som viktig. Desse to tiltaka var dei som i størst grad blei trekt fram av MEPane som noko som bør ha prioritet i året fram mot Paris, fordi det vil vise at EU har «gjort leksa si» og auke truverdet ved forhandlingsbordet.
Polske MEPs, til eksempel Jurek Marek (ECR) og Robert Jaroslaw Iwaszkiewicz (EFDD) var raskt på bana og argumenterte for at det er dei fattigaste landa i unionen, som ikkje har midlar til å utvikle ny teknologi, som tar kostnaden for EU sine klimaambisjonar. EU ikkje har råd til å vere så ambisiøse utan at andre store økonomiar også er det, fordi ein skadar konkurranseevna til europeisk industri og vil «skremme» energi-intensive industriar ut av EU. Dette er lite overraskande, med tanke på investeringane Polen har gjort i sine kolgruver. Lovnadar frå Rådet om gode overgangsordningar og satsing på CCS verkar ikkje å gje (enkelte av) dei polske MEPane auka tillit til EU sin klimapolitikk.
Fleire støtta KOM sitt initiativ om å drive aktivt klimadiplomati, og var glade for at EEAS var involvert. Det blei fleire gongar vist bekymring over at innsatsen for å få med dei store økonomiane var mangelfull. Konsekvensane av dette frykta enkelte ville vere ei øydelegging av konkurranseevna i Europa, utan å sitje att med ei effektiv klimaavtale.