Helse- og omsorgsministeren besøker Bergen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Utgiver: Helse- og omsorgsdepartementet
Kalenderhendelse | Ingvild Kjerkol
Sted: Bergen
Program
10:00 – 12:30: Innspelsmøte ny folkehelsemelding
Helse- og omsorgsministeren inviterer til innspelsmøte til ny stortingsmelding om folkehelse. Statsråd Ingvild Kjerkol, Bjørn Guldvog frå Helsedirektoratet og Camilla Stoltenberg frå Folkehelseinstituttet held innlegg. I tillegg held ei rekke organisasjonar og kommunar korte innlegg om kva folkehelsepolitikken bør vektlegge framover. Sjå program for møtet på regjeringen.no.
Adresse: Clarion Hotel Admiral, C. Sundts gate 9 C
13.00 – 14.40: Mottaks- og oppfølgingssenteret MO-Eidsvåg
MO-senteret Eidsvåg gir eit helse- og sosialfagleg tilbod til rusavhengige og har tilbod om matservering, utdeling av reint brukarutstyr, samtalar, sosialt samvær og kontakt med hjelpeapparatet. Presentasjon av utfordringar på rus og psykisk helse sett frå ein kommunal ståstad.
Adresse: Jordalsvegen 1
15.30 – 16.15: Familiens hus Åsane
Godt samarbeid på tvers av sektorar er viktig for at barn og unge skal få rett hjelp til rett tid. Familiens hus samlar fleire tenester til barn og familie på ein stad. Visjonen med Familiens hus er «ei dør inn» og meir samarbeid mellom tenestene slik at brukarane får eit betre og meir heilskapleg tilbod.
Adresse: Åsamyrane 289
16.35 – 17.15: Møte med ruspolitisk råd
Ruspolitisk råd er eit heilt særeige organ som Bergen kommune er aleine om å ha etablert. Møte med brukarar og pårørande for å få innspel til regjeringa sitt arbeid med ei førebyggings- og behandlingsreform på rusfeltet.
Adresse: Grand Hotel Terminus, Zander Kaaes gate 6
Pressa er velkomne til å delta. Statsråden er tilgjengeleg for intervju.
Kontakt: Kommunikasjonsrådgivar Anne Kathrine Aambø 41 29 30 18