Kultur- og likestillingsministeren har saman med fleire statsrådar invitert skeive organisasjonar til dialogmøte
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Utgiver: Kultur- og likestillingsdepartementet
Kalenderhendelse | Anette Trettebergstuen
Sted: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.
Etter skytinga i Oslo i helga er det viktig for regjeringa at det skeive miljøet ikkje står aleine i kampen for at alle skal få leve eit fritt og trygt liv. Regjeringa har invitert ei rekkje LHBT+-organisasjonar til dialogmøte fredag 1. juli.
Fleire statsrådar vil møte det skeive miljøet, blant andre kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen, barne- og familieminister Kjersti Toppe, helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol, utanriksminister Anniken Huitfeldt, fiskeri- og havminister Bjørnar Selnes Skjæran.