Huitfeldt til utanriksministermøte i Nato
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Kalenderhending | Anniken Huitfeldt
Stad: Brussel
Utanriksminister Anniken Huitfeldt reiser til Brussel for å delta på utanriksministermøtet i Nato 4. og 5. april.
Tema for møtet er alliert støtte til Ukraina og førebuingar til Nato-toppmøtet i Vilnius i juli. Alle dei 30 allierte i Nato har godkjent Finland sitt Nato-medlemskap. Finland blir dermed formelt medlem i Nato i løpet av dei neste dagane.
Utanriksministeren vil óg ha andre møter.
Utanriksministeren er tilgjengeleg for å møte presse på Nato sitt hovudkvarter før og etter dei offisielle møta. Ta kontakt for å avtale nærmare.
Sjå Nato sin presseinformasjon.
Pressekontakt: Marte Lerberg Kopstad, marte.kopstad@mfa.no, mobil 99 52 2026 (med på reisa)