Svar på spørsmål om ein FN-resolusjon og atomvåpen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Svar til Stortinget | Dato: 25.10.2022
Mottakar: Stortingets kontor, Ekspedisjonskontoret
Utanriksminister Anniken Huitfeldt sitt svar på eit spørsmål frå Ingrid Fiskaa (SV) om regjeringa vil stemma for FN-resolusjonen som seier at atomvåpen har katastrofale humanitære konsekvensar og at det er i menneskeslekta si interesse at atomvåpen aldri blir brukt igjen, under nokon omstende.
Skriftleg spørsmål nr. 126 (2022-2023).
Datert 17.10.2022
Frå representanten Ingrid Fiskaa (SV):
Gitt den noverande atomtrusselen i Europa, vil regjeringa stemma for FN-resolusjonen som seier at atomvåpen har katastrofale humanitære konsekvensar og at det er i menneskeslekta si interesse at atomvåpen aldri blir brukt igjen, under nokon omstende?
Utanriksministerens svar:
Arbeidet med humanitære konsekvensar er særs viktig for regjeringa. I hovudinnlegget vårt til FN sin 1. komité for nedrusting og internasjonal tryggleik sa vi følgjande:
«Ein kvar bruk av kjernevåpen ville hatt globale konsekvensar. Dei humanitære og miljømessige konsekvensane ville verte katastrofale. Ja, det er i interesse for heile menneskeslekta si overleving at kjernevåpen aldri blir brukt igjen. Ein kjernevåpenkrig kan ikkje vinnast, og må aldri utkjempast. Vi kan difor ikkje tillate at terskelen for bruk av kjernevåpen vert senka. Vi må oppretthalde vår innsats for å senke risikoen og bane veg for framtidige nedrusting- og rustningskontrollavtalar.»
FNs 1. komité for nedrusting og internasjonal tryggleik handsamer ei lang rekkje av resolusjonar og vedtak. I år er det lagt fram heile 76 slike, som komiteen skal ta stilling til frå 28. oktober.
Noreg støtter opp fleire resolusjonar som er viktige for å fremja konkrete tiltak for nedrusting, og for å arbeide for målet om ei verd utan kjernevåpen. For fleire av resolusjonane er det framleis tingingar om den endelege teksta.
I ei tid med krig i Europa og truslar frå Russland om bruk av kjernevåpen, legg regjeringa stor vekt på samhald og solidaritet med våre Nato-allierte.
Regjeringa vil ta endelig avgjerd om norsk stemmegjeving på dei ulike resolusjonane i dagane føre votering finn stad.