Historisk arkiv

Svar på spørsmål om eit nytt FN-fond

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereims svar på eit spørsmål frå Ingrid Fiskaa (SV) om regjeringa vil arbeide aktivt for at utviklingsland som Pakistan blir omfatta av det nye FN-fondet for tap og skade ved klimaøydeleggingar.

Skriftleg spørsmål nr. 475 (2021-2022).
Datert  22.11.2022  

Frå representanten Ingrid Fiskaa (SV) til utviklingsministeren:
Vil regjeringa arbeida aktivt for at utviklingsland som Pakistan blir omfatta av det nye FN-fondet for tap og skade ved klimaøydeleggingar?

Utviklingsministerens svar:
Det er eit klart behov for auka midlar til å førebygge og handtere tap og skade som følge av klimaendringane. Regjeringa er derfor glad for at ein kom til semje under Cop27 i Sharm el-Sheikh om å styrke finansieringa av tap og skade til utviklingsland som er særleg sårbare for klimaendringane. 

Det nye fondet for tap og skade som skal opprettast som ein del av styrkinga av finansieringsmekanismane retta mot tap og skade, skal støtte utviklingsland som er særleg sårbare for klimaendringane. Arbeidet med å operasjonalisere fondet har ikkje starta. Det ligg heller ikkje føre detaljar med omsyn til fondet si innretting. Det blir derfor for tidleg å gå inn på kva kriterier ein vil legge til grunn i fondet sitt arbeid. Det er likevel liten tvil om at Pakistan er eit utviklingsland som er svært sårbart for klimaendringane. Flaumkatastrofen i landet i haust er et sterkt døme på det. 

Regjeringa ønsker å bidra aktivt til at det nye fondet blir eit målretta og effektivt verktøy for støtte til klimasårbare utviklingsland.