Svar på spørsmål om utgreiing av erfaringane med EØS-avtalen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Svar til Stortinget | Dato: 20.02.2023
Utanriksminister Anniken Huitfeldts svar på eit spørsmål frå Alfred Jens Bjørlo (Venstre) om på kva måte utvalet som utgreiar erfaringane med EØS-avtalen og andre relevante avtaler med EU skal vurdere betydinga av full tilgang til deltaking i EU sine forskingsprogram og EU si stadig meir omfattande satsing på utdanning, innovasjon og forsking som motor for framtidig velferd og verdiskaping.
Skriftlig spørsmål nr. 1339 (2022-2023).
Datert 13.02.2023
Fra representanten Alfred Jens Bjørlo (V) til utenriksministeren:
På kva måte skal utvalet som utgreiar erfaringane med EØS-avtalen og andre relevante avtaler med EU (EØS-samarbeidet) samt vurdere EØS-samarbeidet opp mot Storbritannia, Sveits og Canada sine avtalebaserte og meir avgrensa samarbeid med EU, vurdere betydinga av full tilgang til deltaking i EU sine forskingsprogram og EU si stadig meir omfattande satsing på utdanning, innovasjon og forsking som motor for framtidig velferd og verdiskapning, og verdien dette har for Noreg, norske utdannings- og forskingsmiljø og norsk næringsliv?
Utenriksministerens svar:
For regjeringa er deltaking i europeisk og internasjonalt forskings- og utdanningssamarbeid avgjerande for at norske kunnskapsmiljø skal kunne ta del i den store kunnskapsutviklinga som skjer i resten av verda. Europa er eit særleg viktig samarbeidsområde for norske fagmiljø og deltaking i europeisk forskingssamarbeid er difor svært viktig for Norge.
Som varsla i Hurdals-plattforma har regjeringa sete ned eit utval for å foreta ei utgreiing av røynslene med EØS-samarbeidet dei siste ti åra. Utvalet vert leia av Line Eldring.
Eldring-utvalet har fått eit omfattande mandat som dekkjer sentrale sider ved utviklinga av EØS-samarbeidet det siste tiåret. Då vil også deltaking i EU-program for utdanning, forsking og innovasjon inngå. Mandatet opnar og for at utvalet kan inkludere andre tema som det vurderer å vere relevante for oppdraget.
Sjølv om ikkje forskingssamarbeidet er eit eige mandatpunkt, vil deltaking i EU sine forskings- og utdanningsprogram og andre program høyre naturleg heime under fleire av mandatpunkta. Norsk program-deltaking vil ikkje minst vere eit viktig tema i ei drøfting av konsekvensar av EØS-avtalen for norsk økonomi og næringsliv, ikkje minst for utviklinga av norsk industri i det grøne skiftet.
Deltaking forskings- og utdanningssamarbeid vil også inngå i ei vurdering på brei basis av kva konsekvensar EØS-avtalen har for norske borgarar og norsk samfunnsliv.