Svar på spørsmål om klimafinansiering i utviklingspolitikken
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Svar til Stortinget | Dato: 03.10.2023
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereims svar på eit spørsmål frå Ingrid Fiskaa (SV) om kvifor garantifondet for fornybarinvesteringar er lagt til Norad.
Skriftleg spørsmål nr. 3222 (2022-2023)
Datert 25.09.2023
Frå representanten Ingrid Fiskaa (SV) til utviklingsministeren
Regjeringa lanserte denne veka eit nytt garantifond som skal risikoavlaste bedrifter som investerer i fornybar kraft i utviklingsland. Det er eit stort behov for auka klimafinansiering, men uklart kvifor eit instrument som utelukkande skal kutte klimagassutslepp skal knyttast til utviklingsdirektoratet Norad. Kor mykje av bistandsbudsjettet skal gå til tapsavsetjing til det nye garantifondet for utsleppskutt, og kvifor skal eit fond for utsleppskutt finansierast med bistandsmidlar?
Utviklingsministerens svar
Regjeringa foreslår å opprette ei ny statleg garantiordning for fornybar energi i utviklingsland i 2024. Eg ser fram til å uttale meg meir detaljert om ordninga sitt mål og innretning i etterkant av budsjettfremleggjinga.
Eg ynskjer likevel allereie nå å understreke at intensjonen med å utgreie ei slik ordning ikkje har vore å etablere «eit instrument som utelukkande skal kutte klimagassutslepp» slik representanten skriv. Regjeringa har mål om å sameine klima- og utviklingspolitikken. Garantiordninga er eit døme på dette. Tilgang til energi er ein føresetnad for økonomisk og sosial utvikling. Det stimulerer til berekraftig økonomisk vekst og bidreg til å redusere fattigdom og ulikheit. Dersom utviklingsland skal sikrast tilgang til energi utan at klimakrisa forverrast må det satsast stort på fornybar energi.
Men tidligare framgang i tilgang på energi for verdas fattige har snudd samstundes som dei fleste utviklingsland er avhengige av kraftig vekst i energiproduksjonen for å redusere fattigdom i tråd med berekraftsmåla. Det sørlege Afrika mottek mindre enn 1 prosent av dei totale globale investeringane i fornybar energi og trenden er nedadgåande. Ifylgje det internasjonale energibyrået IEA manglar om lag 775 millionar menneske tilgang til elektrisitet. Størstedelen av desse bur i Afrika sør for Sahara, kor over 50 pst. av folkesetnaden framleis er utan tilgang på elektrisitet. Framleis vantar omlag 2,3 milliardar menneske rein energi til matlaging. Dette har omfattande utviklingsmessige og helsemessige konsekvensar.
Dersom trenden held fram vil 660 millionar menneske framleis vante tilgang til elektrisitet, og nærare 2 milliardar menneske vil framleis vere avhengige av forureinande drivstoff og teknologiar for matlaging i 2030.
Framveksande marknader og utviklingsland treng om lag 2 400 mrd. USD i årlege klimainvesteringar. Reell og opplevd risiko for investeringar i utviklingsland er eit vesentleg hinder for private investeringar. OECD peikar på garantiar som eit effektivt verkemiddel for å mobilisere privat kapital.
Regjeringa ynskjer difor nå å nytte Noregs økonomiske tyngde i ei statleg garantiordning for å mobilisere privat kapital til fornybarinvesteringar i utviklingsland i stor skala.