Svar på spørsmål om Noregs deltaking på ministermøte i EU
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Svar til Stortinget | Dato: 04.10.2023
Utanriksminister Anniken Huitfeldts svar på eit spørsmål frå Ine Eriksen Søreide (H) om kor mange EU-ministermøte har Noreg vore invitert til, og kor mange har vi delteke på, frå oktober 2021 til i dag,
Skriftleg spørsmål nr. 3254 (2023-2024)
Datert 26.09.2023
Frå representanten Ine Eriksen Søreide (H):
Kor mange uformelle EU-ministermøte har Noreg vore invitert til, og kor mange har vi delteke på, frå oktober 2021 til i dag, og kva for nokre uformelle ministermøte planlegg Noreg å delta på under det spanske EU-formannskapet i haust? Eg ber òg om ei oversikt over kven som har delteke på møta frå norsk side.
Svaret frå utanriksministeren:
Noreg har vore invitert til 36 og delteke i 35 uformelle ministermøte frå januar 2022 til i dag. I 29 av møta har delegasjonsleiar vore på politisk nivå (16 gonger med statsråd og 13 gonger med statssekretær). Under det spanske formannskapet har Noreg vore invitert til og så langt delteke på seks uformelle ministermøte, og ein forventar invitasjon til fleire.
Under følgjer oversikt over norsk deltaking inkl. delegasjonsleiar i den aktuelle perioden. Deltaking i ministerkonferansar og European Political Community er ikkje inkludert. Det var ingen uformelle ministermøte under det slovenske formannskapet i 2021 etter det norske regjeringsskiftet i oktober.
|
|
Klima/energi (20.-22. jan.) |
Klima- og miljøminister Espen Barth Eide og Statssekretær Amund Vik (OED) |
Utdanning/forsking (24.-25. jan.) |
Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe |
Industri/indre marknad (31. jan.-1. feb.) |
Statssekretær Janicke Andreassen (NFD) |
Justis/innanriks (3.-4. feb.) |
Statssekretær Erik Idsøe (JD) |
Helse (9.-10. feb.) |
Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol |
Arbeid/sosial (14.-15. feb.) |
Statssekretær Truls Wickholm (AID) |
Samferdsel (21.-22. feb.) |
Statssekretær Jakob Bjelland (SD) |
Justis/innanriks ekstraord. (27. feb. og 2. mars.) |
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl |
Kultur (7.-8. mars.) |
Embetsverk |
Telekommunikasjon (8.-9.) mars. |
Embetsverk |
Helse (15. mars) |
Statssekretær Ellen Moen Rønning-Arnesen (HOD) |
Tsjekkia (juli-desember 2022, invitert til 9, deltok på 9) |
|
Justis/innanriks (11.-12. juli |
Statssekretær Astrid Bergmål (JD) |
Klima (12.-14. juli) |
Statssekretær Aleksander Øren Heen (KLD) |
Konkuranseevne (19.-20. juli) |
Statssekretær Halvard Ingebrigtsen (NFD) |
Utdanning/forsking (21.-22. juli) |
Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel |
Samhøyrpolitikken (1.-2. sept.) |
Embetsverk |
Helse (6.-7. sept.) |
Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol |
Energi (11.-12. okt.) |
Olje- og energiminister Terje Aasland |
Arbeid/sosial (13.-14. okt.) |
Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen |
Samferdsel (20-21 okt.) |
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård |
|
|
Justis/innanriks (26.-27. jan.) |
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl |
Konkurranseevne (6. feb.) |
Næringsminister Jan Christian Vestre |
Forsking (7. feb.) |
Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel |
Samferdsel (27. feb.) |
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård |
Energi (28. feb.) |
Olje- og energiminister Terje Aasland |
Miljø (18.-19. april) |
Klima- og miljøminister Espen Barth Eide |
Sosial (3.-4. mai) |
Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen og statssekretær Maria Schumacher Walberg |
Helse (4.-5. mai) |
Statssekretær Ellen Moen Rønning-Arnesen |
Spania (juli-desember 2023, førebels invitert til og delteken på 6)
|
|
Klima/energi (10.-12. juli) |
Klima- og miljøminister Espen Barth Eide og Statssekretær Elisabeth Sæther (OED) |
Justis/innanriks (19.-21. juli) |
Embetsverk |
Industri (25. juli) |
Statssekretær Anne Marit Bjørnflaten (NFD) |
Konkurranseevne (27.-28. juli) |
Embetsverk |
Helse (27.-28. juli) |
Statssekretær Ellen Moen Rønning Arnesen (HOD |
Samferdsel (21.-22. sept) |
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård |