Erklæring frå EU-formannskapet om Rådets felles posisjon 2005/689/CFSP av 6. oktober 2005
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Dato: 14.10.2005
Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Rådets felles posisjon 2005/689/CFSP av 6. oktober 2005 om å vidareføre Rådets felles posisjon 2004/694/CFSP om ytterlegare tiltak for ei meir effektiv gjennomføring av mandatet til Den internasjonale domstolen for krigsbrotsverk i det tidlegare Jugoslavia (ICTY)
Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, erklærer at dei deler målsetjingane i Rådets felles posisjon 2005/689/CFSP av 6. oktober 2005 om å vidareføre Rådets felles posisjon 2004/694/CFSP om ytterlegare tiltak for ei meir effektiv gjennomføring av mandatet til Den internasjonale domstolen for krigsbrotsverk i det tidlegare Jugoslavia (ICTY). Dei vil sørgje for at deira nasjonale politikk er i samsvar med denne felles posisjonen.
Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.
* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.