Erklæring frå EU-formannskapet om Rådets felles posisjon 2005/792/FUSP av 14. november 2005 om restriktive tiltak mot Usbekistan (24.11.05)
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Dato: 24.11.2005
Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Rådets felles posisjon 2005/792/FUSP av 14. november 2005 om restriktive tiltak mot Usbekistan (24.11.05)
Felles posisjon 2005/792/FUSP av 14. november 2005 om restriktive tiltak mot Usbekistan - og den tilhøyrande rådsforordninga (EF) nr. 1859/2005 av 14. november 2005, som pålegg visse restriktive tiltak overfor Usbekistan - vart offentleggjorde 16. november 2005 i Offisiell tidend for Dei europeiske fellesskapa nr. L 299/05 s. 72.
Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Republikken Moldova, sluttar seg til denne felles posisjonen.
* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.