Erklæring frå EU-formannskapet om opninga av den afghanske nasjonalforsamlinga (20.12.05)
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Dato: 20.12.2005
Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om den høgtidelege opninga av den afghanske nasjonalforsamlinga i Kabul 19. desember 2005
20.12.05
Den europeiske unionen helsar opninga av den afghanske nasjonalforsamlinga 19. desember velkommen. Dette er ei historisk hending som markerer høgdepunktet i den politiske overgangsprosessen som vart staka ut i Bonn-avtalen.
EU ønskjer å hjelpe Afghanistan med å byggje sterke og ansvarlege institusjonar, som fremmer rettsstaten og sikrar demokratisk kontroll. I den samanhengen ser EU fram til å etablere kontakt med nasjonalforsamlinga og gler seg over forsamlingas bidrag til utvikling og styrking av demokratiet og demokratiske institusjonar i Afghanistan.
EU seier seg glad for det framifrå bidraget frå programmet for opplæring av parlamentstilsette, som Frankrike og FNs utviklingsprogram står bak, med deltaking frå andre europeiske land, og unionen oppmodar det internasjonale samfunnet om å støtte nasjonalforsamlinga.
Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.
* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.