Erklæring frå EU-formannskapet om Aust-Timor (29.05.06)
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Dato: 29.05.2006
Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Aust-Timor
06.06.06
Den europeiske unionen er uroa over den forverra tryggingssituasjonen i Aust-Timor. EU oppmodar alle involverte partar om å avstå frå ytterlegare valdsbruk og medverke til å opprette offentleg ro og orden igjen.
EU seier seg glad for dei positive reaksjonane som har kome frå regjeringane i Portugal, Australia, New Zealand og Malaysia, på oppmodingar frå regjeringa i Aust-Timor om å sende forsvars- og tryggingsstyrkar som kan hjelpe Aust-Timor med å rette opp att og sikre tryggleiken.
EU seier seg òg glad for initiativa frå FNs generalsekretær, mellom anna hans planar om å sende ein spesialutsending til Aust-Timor for å få fortgang i den politiske dialogen.
Den europeiske unionen vil framleis følgje nøye med på situasjonen i Aust-Timor.
Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.
* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.