Erklæring frå EU-formannskapet om det kviterussiske justisdepartementets krav om at verksemda til den kviterussiske Helsingfors-komiteen vert innstilt (01.06.2006)
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Dato: 01.06.2006
Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om det kviterussiske justisdepartementets krav om at verksemda til den kviterussiske Helsingfors-komiteen vert innstilt
I ei erklæring frå formannskapet 4. januar 2006 gav Den europeiske unionen uttrykk for sitt vonbrot over vedtaket i den øvste økonomiske domstolen i Kviterussland om å ta opp att sanksjonane mot den kviterussiske Helsingfors-komiteen.
Den europeiske unionen er derfor svært uroa over oppmodinga frå det kviterussiske justisdepartementet 24. mai 2006 til Republikken Kviterusslands høgsterett, om å stanse verksemda til den kviterussiske Helsingfors-komiteen, på grunn av påstandar om skattesvik og andre skuldingar som synest å vere politisk motiverte.
EU oppmodar dei kviterussiske styresmaktene til å stanse trakasseringa av Helsingfors-komiteen, ei trakassering som kan føre til at den einaste menneskerettsorganisasjonen som framleis er registrert i Kviterussland, vert lagt ned. EU ber òg innstendig om at dei kviterussiske styresmaktene straks trekkjer tilbake skuldingane mot Helsingfors-komiteen, og etterlever Kviterusslands internasjonale forpliktingar.
EU minner om at Helsingfors-komiteen som mottakar av støtte frå TACIS-programmet er friteken frå betaling av skatt og toll, i samsvar med rammeavtalen som EF og Kviterussland underteikna i 1994.
Den europeiske unionen stadfester på nytt si fulle støtte til den kviterussiske Helsingfors-komiteen, som med sitt arbeid spelar ei viktig rolle i kampen for menneskerettane i Kviterussland. Unionen ser fram til å samarbeide med komiteen også i framtida.
Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.
* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen