Erklæring frå EU-formannskapet om situasjonen i Togo (08.05.06)
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Dato: 08.05.2006
Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen i Togo
08.05.06
Den europeiske unionen konstaterer nøgd at dialogprosessen i Togo vart innleidd 21. april i år, og at det vart vedteke ein open dagsorden som omfattar alle dei grunnleggjande spørsmåla som skal medverke til å leggje grunnlaget for ei varig nasjonal forsoning. Denne hendinga er eit viktig steg mot full etterleving av dei 22 tilsegnene dei togolesiske styresmaktene har gitt.
Den europeiske unionen seier seg glad for innsatsen som president Faure Gnassingbé, regjeringa, den politiske klassen i Togo i sin heilskap og representantar for det togolesiske sivilsamfunnet har lagt ned for å oppnå dette. Unionen rettar ei sterk oppmoding til alle dei medverkande om å fullføre dialogen og finne effektive måtar å gjennomføre konklusjonane på.
Den europeiske unionen understrekar at unionen står klar til å støtte dei togolesiske styresmaktene i arbeidet med å gjennomføre dei 22 tilsegnene, i samsvar med avgjerda i Rådet 15. november 2004.
Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.
* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.