Erklæring frå presidentskapet på vegner av Den europeiske unionen om gjennomføringa av vala i Pakistan (26.02.08)
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Utgiver: Europaportalen
Dato: 26.02.2008
Den europeiske unionen ser positivt på vala som blei avvikla i Pakistan 18. februar. Vi gratulerer det pakistanske folket som har engasjert seg for demokratisk utvikling og avvist ekstremistiske krefter. Vala dannar eit grunnlag for ei ny demokratisk utvikling i Pakistan.
EU vonar at det fort blir gjort noko for å danne ei stabil og funksjonsdyktig regjering som kan gå i gang med å løyse spørsmål som blir sentrale for det framtidige Pakistan, mellom anna styrking av det demokratiske systemet, gjeninnføring av eit uavhengig rettsvesen, respekt for menneskerettane og dei grunnleggjande fridommane og spørsmål i samband med regional fred og stabilitet.
EU beklagar djupt at nokre politiske fangar, mellom dei dommarar og advokatar, ikkje blei sette fri og såleis ikkje fekk delta i valprosessen. EU tek på ny til orde for at dei straks må bli lauslatne. EU gjentek òg at media må få arbeide fritt.
Den europeiske unionen minner om sitt engasjement for å hjelpe det pakistanske folket med å byggje eit framgangsrikt og stabilt samfunn, grunnlagt på prinsippet om demokrati og rettsstatleg styre. Ved å sende eit stort valobservatørkorps viste EU tydeleg kor sterkt vi framleis engasjerer oss i dette.
Søkjarlanda Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova og Armenia stiller seg bak denne erklæringa.
* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.