Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om andre omgang av presidentvalet i Guinea-Bissau (30.07.09)
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Utgjevar: Europaportalen
Dato: 30.07.2009
EU seier seg glad for at andre runden av presidentvalet i Guinea-Bissau, som fann stad 26. juli 2009, gjekk føre seg under ordna og rolege tilhøve.
EU seier seg glad for at andre runden av presidentvalet i Guinea-Bissau, som fann stad 26. juli 2009, gjekk føre seg under ordna og rolege tilhøve.
Ifølgje dei førebelse konklusjonane til EUs valobservatørsendelag var valet i det store og heile godt organisert, på ein open og inkluderande måte, og det følgde internasjonale prinsipp for demokratiske val.
Presidentvalet er eit viktig steg på vegen mot stabilisering av landet og syner at folket i Guinea-Bissau ønskjer å arbeide for demokrati.
EU rosar arbeidet som er gjort av dei nasjonale styresmaktene, nærare bestemt den nasjonale valkommisjonen, internasjonale organisasjonar og internasjonale observatørar, deriblant EUs valobservatørsendelag.
EU vil framleis følgje prosessen etter valet i Guinea-Bissau nøye. Unionen seier seg på nytt villig til å hjelpe Guinea-Bissau, ikkje minst med å reformere og styrkje offentliege institusjonar og tryggleikssektoren.
Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.
* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.
Les erklæringa på nettsida til EU (PDF).