Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen i den austlege delen av DRC (15.01.09)
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Dato: 15.01.2009
Den europeiske unionen er framleis uroa over situasjonen i den austlege delen av Den demokratiske republikken Kongo, og særleg over dei humanitære følgjene.
Den europeiske unionen er framleis uroa over situasjonen i den austlege delen av Den demokratiske republikken Kongo, og særleg over dei humanitære følgjene.
EU er glad for at det er innleidd samtalar i Nairobi mellom regjeringa i DRC og Nkundas CNDP, og at dei tidlegare presidentane Obasanjo og Mkapa fungerer som tilretteleggjarar. EU seier seg lei for avgjerda i CNDP om ikkje å underteikne ein avtale om stans i krigshandlingane, og unionen oppmodar partane, og særleg CNDP, om å vidareføre sitt engasjement i forhandlingane, med sikte på å finne ei politisk løysing på den aktuelle krisa.
EU er svært nøgd med at dialogen mellom DRC og Rwanda er teken opp att, og unionen ber dei innstendig om å halde fram på denne vegen, særleg med det for auge å få ein slutt på aktiviteten til FDLR, som opererer i den austlege delen av DRC.
EU understrekar på nytt si støtte til MONUCs aktivitet i området, og unionen seier seg glad for at Tryggingsrådet 22. desember 2008 samrøystes vedtok Resolusjon 1856, som forlengjer MONUCs mandat til 31. desember 2009, og som særleg styrkjer prioriteringa av innsatsen for å verne sivilbefolkninga og arbeidet med å finne ei løysing på krisa i den austlege delen av landet.
EU seier seg òg glad for Tryggingsrådets samrøystes vedtak 22. desember 2008 av Resolusjon 1857, som forlengjer våpenembargoen og dei individuelle sanksjonane til 30. november 2009, noko som er avgjerande for kampen mot dei illegale væpna gruppene som opererer i den austlege delen av Den demokratiske republikken Kongo.
EU er svært nøgd med dei tiltaka styresmaktene i DRC, Uganda og Sør-Sudan har sett i verk mot opprøret til LRA, og oppmodar partane om å vere særleg merksame på dei humanitære følgjene av desse tiltaka.
EU er fast bestemt på å vidareføre arbeidet med å stabilisere situasjonen i den austlege delen av DRC, i nært samarbeid med FN, Den afrikanske unionen og landa i området rundt dei store sjøane.
Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, Republikken Moldova og Armenia, sluttar seg til denne erklæringa.
* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.