Erklæring frå formannskapen på vegner av Den europeiske unionen om "presidentvalet" i Abkhasia, Georgia (15.12.09)
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Utgjevar: Europaportalen
Dato: 15.12.2009
EU har merkt seg at det vart halde “presidentval” i det georgiske territoriet Abkhasia 12. desember. EU godkjenner ikkje den konstitusjonelle og juridiske ramma rundt dette valet.
EU har merkt seg at det vart halde “presidentval” i det georgiske territoriet Abkhasia 12. desember. EU godkjenner ikkje den konstitusjonelle og juridiske ramma rundt dette valet.
EU held fram med å støtte Georgias territoriale integritet og suverenitet, slik dei er stadfesta i folkeretten.
Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova og Aserbajdsjan sluttar seg til denne erklæringa.
* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.