Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om dei valdelege protestane i den nordlege delen av Mitrovica i Kosovo (29.04.09)
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Utgjevar: Europaportalen
Dato: 29.04.2009
EU er djupt uroa over dei valdelege protestane som nyleg fann stad i den nordlege delen av Mitrovica, og som leidde til at ei rekkje personar vart skadde.
EU er djupt uroa over dei valdelege protestane som nyleg fann stad i den nordlege delen av Mitrovica, og som leidde til at ei rekkje personar vart skadde.
EU gjev si fulle støtte til den innsatsen Eulex og Kfor gjer for å gjennomføre rettsstatslege prinsipp i Kosovo og forsvare eit sikkert og trygt miljø. EU vil gjere alt for at dei som set liva til medlemer av Eulex og Kfor og andre lovlydige borgarar i fare, vert stilte for retten.
EU forsvarar og støttar retten folk har til å vende tilbake til hus og eigedom som dei er dei rettmessige eigarane til, uavhengig av kva etnisk gruppe dei høyrer til.
Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.
* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.