Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om avsluttinga av mandatet til FNs observatørgruppe i Georgia (19.06.09)
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Utgjevar: Europaportalen
Dato: 18.06.2009
Noreg har slutta seg til ei EU-erklæring i samband med Russland si avgjerd om å blokkere ein forlengelse av UNOMIG i Georgia.
EU beklagar den russiske avgjerda om å blokkere semja i FNs tryggingsråd trass i innsatsen som vart gjord for å ta omsyn til alle dei involverte partane, og beklagar òg det russiske vetoet mot den tekniske vidareføringa av FNs observatørgruppe i Georgia (UNOMIG) som ville ha gjort at gruppa kunne bli verande i landet.
UNOMIG har synt seg å vere eit effektivt tillitsskapande tiltak og eit viktig verktøy for å fremje stabilitet og tryggleik både i Georgia og i heile Sør-Kaukasus. Når gruppa no vert send heim, gjer dette den allereie ustabile situasjonen i regionen endå vanskelegare, noko som slett ikkje er til fordel for innbyggjarane i dette konfliktområdet. Det må framleis skapast trygge rammer slik at humanitær hjelp kan kome uhindra fram og internflyktningar kan vende heim under trygge og verdige tilhøve.
Sidan UNOMIG-mandatet ikkje vert fornya, mistar verdssamfunnet eit element i det uavhengige tilsynet med utviklinga i området, blant anna gjennomføringa av avtalane frå 12. august og 8. september 2008. EU oppmodar alle partar om å gjennomføre desse to avtalane fullt ut og gjentek si sterke støtte til dei mekanismane som er att: EU stadfester på nytt sitt engasjement for EUs overvakingsgruppe og si støtte til samtalane som finn stad i Genève, og oppmodar alle partar om å halde fram med desse samtalane på konstruktivt vis. EU oppmodar alle partar med bakkestyrkar om å syne det største atterhald og avstå frå å bruke vald.
EU understrekar på nytt si faste støtte til Georgias suverenitet og territoriale integritet innanfor dei internasjonalt godkjende grensene.
EU minner om målet om å styrkje relasjonane mellom EU og Georgia, særleg gjennom det austlege partnarskapsinitiativet, for å betre stabiliteten og velferda i Georgia.
Søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina og Aserbajdsjan sluttar seg til denne erklæringa.
* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen