Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen i høve 60-årsdagen for vedtakinga av dei fire Genève-konvensjonane av 1949 (12.08.09)
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Utgjevar: Europaportalen
Dato: 12.08.2009
I høve 60-årsdagen for vedtakinga av dei fire Genève-konvensjonane for vern av dei som ikkje, eller ikkje lenger, deltek i krigshandlingar, stadfestar Den europeiske unionen at Genève-konvensjonane er viktige, og at dei står sentralt i internasjonal humanitærrett.
I høve 60-årsdagen for vedtakinga av dei fire Genève-konvensjonane for vern av dei som ikkje, eller ikkje lenger, deltek i krigshandlingar, stadfestar Den europeiske unionen at Genève-konvensjonane er viktige, og at dei står sentralt i internasjonal humanitærrett.
Vedtakinga av desse kjernetraktatane for 60 år sidan står framleis som ein stor bragd. EU seier seg glad for at Genève-konvensjonane av 1949 er allment godtekne, og alle medlemsstatane i EU har ratifisert dei. EU seier seg òg glad for den klare tendensen i retning av ei like brei godtaking av dei to tilleggsprotokollane av 1977 og vedtakinga av ein tredje tilleggsprotokoll i 2005.
Trass i at normene som ligg til grunn for desse dokumenta, er allment godtekne, er det framleis dei sivile som det går verst ut over i væpna konfliktar. Trongen for å sikre respekt for lova er viktigare enn nokon gong. Dette krev kontinuerlig innsats for å mobilisere politisk vilje, auke medvitet om internasjonal humanitærrett og sikre ansvar for brot, særleg for handlingar som utgjer krigsbrotsverk.
Den europeiske unionen er grunnlagd på prinsippa om fridom, demokrati, respekt for menneskerettane og grunnleggjande fridomar og rettsstatsprinsippa. Dette omfattar målet om å fremje etterleving av den internasjonale humanitærretten. For dette føremålet vedtok EU retningsliner for internasjonal humanitærrett i desember 2005, som fastset verkemiddel som EU kan nytte for å fremje etterleving av internasjonal humanitærrett blant tredjestatar og ikkje-statlege aktørar.
I år markerer vi òg 150-årsdagen for slaget ved Solferino, det fryktelege slaget som førte til skipinga av Den internasjonale raudekross- og raudehalvmånerørsla, den største humanitære organisasjonen i verda. Den europeiske unionen lovar å framleis støtte Den internasjonale raudekrosskomiteen.
Unionen set òg pris på det særlege ansvaret som nasjonale raudekross- og raudehalvmåneforeiningar har som hjelpeorganisasjonar for offentlege styresmakter som samarbeider med og hjelper regjeringane med å fremje, spreie og gjennomføre internasjonal humanitærrett.
Folkeretten, medrekna internasjonal humanitærrett, er eitt av dei sterkaste verktya som det internasjonale samfunnet har til å halde ved lag den internasjonale ordenen og å sikre vern og menneskeverd for alle personar. Den europeiske unionen vil framleis gjere sitt beste for å fremje ein internasjonal orden der ingen stat eller einskildperson står over lova og ingen fell utanfor lovvernet.
Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.
* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.
Les erklæringa på nettsida til EU.