Erklæring frå EU-formannskapet om det brutale åtaket på Gladys Monterroso Velasquez (06.04.09)
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Utgiver: Europaportalen
Dato: 06.04.2009
Norge har slutta seg til ei EU-erklæring om det brutale åtaket på Gladys Monterroso Velasquez i Guatemala.
EU er opprørd over bortføringa og valden som Gladys Monterroso Velasquez, kona til menneskerettsombodet i Guatemala, vart offer for 25. mars i år. EU forsikrar Gladys Monterroso og familien hennar om at dei har unionens fulle støtte og medkjensle i denne vanskelege situasjonen.
EU fordømmer på det sterkaste desse usle handlingane og oppmodar styresmaktene om å gjere alt som står i deira makt for å finne og straffe dei skuldige. EU uttrykkjer si fulle og heile støtte til menneskerettsforsvararane, anten dei arbeider i guatemalanske statsinstitusjonar eller i sivilsamfunnet.
EU uttrykkjer på nytt si støtte til alle i Guatemala som trass i truslar og vald arbeider for å byggje opp ein rettsstat til beste for heile det guatemalanske folket.
Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.
* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.