Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om oppskytinga av ein "eksperimentell kommunikasjonssatellitt" som Den demokratiske folkerepublikken Korea har gjennomført (06.04.09).
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Utgiver: Europaportalen
Dato: 07.04.2009
Norge har slutta seg til ei EU-erklæring om rakettoppskytning frå Nord-Korea.
EU fordømmer på det sterkaste oppskytinga av ein "eksperimentell kommunikasjonssatellitt" som Den demokratiske folkerepublikken Korea (Nord-Korea) gjennomførte 5. april 2009, i strid med resolusjon 1718 frå FNs tryggingsråd. Dette legg auka press på stabiliteten i regionen på eit tidspunkt då det er nødvendig å byggje opp gjensidig tillit i samband med det uløyste atomproblemet på Koreahalvøya. Slike handlingar gjev òg grunn til ei meir allmenn uro på grunn av følgjene dei får for den globale spreiinga.
EU oppmodar Nord-Korea innstendig om å rette seg etter resolusjon 1718 frå FNs tryggingsråd og straks å stanse all verksemd som gjeld det ballistiske rakettprogrammet, og leggje ned alle kjernefysiske våpen og eksisterande kjernefysiske program på ein fullstendig, kontrollerbar og uomstøyteleg måte.
EU vil halde fram med aktivt å støtte dei forsøka som vert gjorde for å finne ei fredeleg løysing på tryggingsproblema på Koreahalvøya.
Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.
* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.