Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen etter opprettinga av dei første direkte fly- og båtsambanda over Taiwan-sundet (12.01.09)
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Dato: 12.01.2009
Den europeiske unionen seier seg glad for at dei første direkte fly- og båtsambanda mellom dei to sidene av Taiwan-sundet vart oppretta 15. desember. Desse sambanda er eit konkret uttrykk for avtalane som vart inngått under dei uoffisielle drøftingane mellom dei to sidene i november 2008.

Desse samtalane medverkar til å skape tillit og gjensidig forståing, noko som er nødvendig for å styrkje samarbeidet og stabiliteten i Taiwan-sundet og i Aust-Asia.
EU håpar at denne prosessen vil halde fram.
Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.
* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.