Erklæring om Elfenbeinskysten frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen (02.03.10)
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Utgjevar: Europaportalen
Dato: 02.03.2010
EU har merkt seg framskritta partane har gjort i forsøka på å overvinne dei nye vanskane i Elfenbeinskysten. EU rosar tilretteleggjaren for den interivorianske dialogen for den sentrale rolla han har spelt.
EU har merkt seg framskritta partane har gjort i forsøka på å overvinne dei nye vanskane i Elfenbeinskysten. EU rosar tilretteleggjaren for den interivorianske dialogen for den sentrale rolla han har spelt.
President Compaoré har gjort det mogeleg å kome ut av ein situasjon som har leidd til tvil og uro. EU helsar òg velkomen innsatsen til spesialrepresentanten for FNs generalsekretær, Young-Jin Choi, med sikte på å skape ro og stabilisere situasjonen.
EU håpar at arbeidet med å organisere vala vil starte opp att snarast råd. Elfenbeinskysten treng ei regjering og ein uavhengig valkommisjon som kan handle effektivt og ope for å få landet ut av krisa. EU oppmodar dei politiske leiarane i Elfenbeinskysten til å ta ansvar på dette området.
EU oppmodar om at dialogen no vert vidareførd, og at den politiske avtalen frå Ouagadougou vert gjennomførd. Det er viktig at gjennomføringa finn stad i semje og i eit roleg og fredeleg klima. EU fordømmer alle valdshandlingar.
EU gjentek at unionen forpliktar seg til å støtte det ivorianske folket i arbeidet med å løyse denne krisa gjennom ein djuptgripande politisk dialog.
Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.
* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.
Les erklæringa på nettsida til EU.