Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av EU om Kirgisistan (17.03.10)
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Utgjevar: Europaportalen
Dato: 17.03.2010
EU seier seg glad for at parlamentet og presidenten i Kirgisistan 11. februar 2010 godkjende lova om tilmelding til den andre frivillige protokollen til FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar (ICCPR) om avskaffing av dødsstraff frå 1989.
EU seier seg glad for at parlamentet og presidenten i Kirgisistan 11. februar 2010 godkjende lova om tilmelding til den andre frivillige protokollen til FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar (ICCPR) om avskaffing av dødsstraff frå 1989.
EU gratulerer Republikken Kirgisistan med at landet har forplikta seg endå sterkare til ikkje å bruke dødsstraff. I 2007 avskaffa Kirgisistan dødsstraffa ved at ei føresegn om avskaffinga vart teken inn i grunnlova. Gjennom lova om humanisering av straffelovgjevinga av 25. juni 2008 vart dødsstraffa fjerna frå straffelova og erstatta av livsvarig fengsel.
EU stadfestar at organisasjonen har til mål å arbeide for avskaffing av dødsstraff i alle land. EU håpar at Kirgisistans tilmelding til den andre frivillige protokollen til ICCPR kan inspirere andre land til å følgje etter, slik at avskaffing av dødsstraff vert ein realitet.
Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.
* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.
Les erklæringa på nettsida til EU.